Foto: Torgrim Melhuus
Nokre dikt les ein best med øyra. Ja, med kroppen og sansane heller enn med den delen av hjernen som berre forstår seg på beinvegs prosa. Dette er noko alle barn klarer utan problem; dei får nonsens-rim til frukost og bånsullar til kvelds og set pris på lydane, rytmane og fridomen i språket. Så veks vi til og vil korkje ha tull eller trall, i alle fall ikkje i bøkene. Vi er redde for ikkje å forstå. Derfor held mange seg borte frå poesien. For der er det visst fare for at ein ikkje forstår alt frå a til å.
Dei som tvert om liker å nærme seg poesien, veit at han ofte gir stort rom for lesaren (og lyttaren) til å møte diktet på sitt vis. Og det er store sjansar for at ein kan finne noko som taler til andre sansar enn den reint kognitive evna.
I møte med diktsamlinga Um sakne springe blome av Catherine Blaavinge Bjørnevog frå 2016 kan ein med fordel ha låge skuldrer og ope sinn. Bjørnevog har skrive boka på eit særeige, sjølvskapt språk som ber i seg spor frå gamle målformer og dialektar, og som har eit bølgjande, rytmisk driv. Dei som har høyrt Bjørnevog lese opp, seier at dei er fjetra, men vi som berre har teksten, får ty til (indre) høgtlesing, for då blir orda meir til å kjenne att.
Når ein så lèt seg føre av dette språket, kjem ein snart inn i eit mørkt univers der trolldom eller tragisk lagnad får ei kvinne til å lengte så etter mannen som er forsvunnen, at ho ofrar borna – til naturen – i ein fåfengt freistnad på å få mannen attende. Mytiske arketypar møter djupt menneskelege kvalar i ei form som verkar ny og gammal på same tid.
Bjørnevog har fortalt at språket og rytmen kom til henne som i ein draum, og at historia og teksten følgde etter. Med denne utgivinga fekk bokheimen eit av ikkje altfor mange tilskot av verkeleg språkleg nyskaping, og vi lesarar fekk øyra opp for ein lyrikar som skreiv på heilt eige vis. Kan det vere lov å håpe på ei ny bok frå Bjørnevog?
Cathrine Strøm
Ke deu sjå me?
Nei
E ligg her
Kor
E ligg undre her
E ke inkje sjå ti
Meist deu ke høyra me?
Ja E høyre Heiletida ke e høyre ti
Catherine Blaavinge Bjørnevog
Frå Um sakne springe blome
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.