Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ny Dag og Tid-kalv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Symra med den nyfødde kalven Odesa.

Symra med den nyfødde kalven Odesa.

Foto: Hilde Selheim

Symra med den nyfødde kalven Odesa.

Symra med den nyfødde kalven Odesa.

Foto: Hilde Selheim

1442
20220527

Dag og Tid-stølen

Dag og Tid driv støl på Remlo på Voss med kyr, kalvar, geiter og grisungar.

Vi ystar og leverer mjølk til Tine.

Yndlingskua til Dag og Tid, Symra, fekk sist laurdag, 21. mai, ein flott, lysegul kukalv. Alt er vel med både mor og dotter, og kalven har fått i seg den verdfulle råmjølka. Dette er tredje kalven til Symra. I 2020 kom Symreson, og i fjor Fjellros.

Far til kalven er Buren, ein horna seminokse fødd i 2017, eigd av Hans J. Gubhage, som driv gard i Skjåk med 35 Vestlandsk fjordfe-mjølkekyr. Buren og andre seminoksar er nøye valde ut etter klåre kriterium, som avdråtten til oksemora, eksteriøret og jurforma til oksemora og eksteriøret til sjølve oksen.

Men det kjekkaste og enklaste er sjølvsagt å ha eigen gardsokse, som far til Symra var. Sist veke var difor gardsfolket på Selheim, Hilde og Lars, til Valdres og henta ein ny komande gardsokse hjå leiaren i fjordfelaget, Ingvild Oldre Heggom.

Oksekalven er fødd i januar og vert klar for innsats neste haust.

Symra er fødd på garden Selheim på Voss i 2018. Dotter av Ameline, kjøpt som kalv i Vang i Valdres, og Kjell Bjarne, gardsoksen på Selheim i 2017. Symra vann over dauden på Dag og Tid-stølen som liten kalv då ho fekk oppsvulma mage.

Det er enno mykje snø på stølen, men vonleg vert det bu­-
føring av kyrne i slutten av juni.

Og namnet på kalven? Odesa – etter Ukrainas fremste kulturby som no står framfor sin lagnadstime.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Yndlingskua til Dag og Tid, Symra, fekk sist laurdag, 21. mai, ein flott, lysegul kukalv. Alt er vel med både mor og dotter, og kalven har fått i seg den verdfulle råmjølka. Dette er tredje kalven til Symra. I 2020 kom Symreson, og i fjor Fjellros.

Far til kalven er Buren, ein horna seminokse fødd i 2017, eigd av Hans J. Gubhage, som driv gard i Skjåk med 35 Vestlandsk fjordfe-mjølkekyr. Buren og andre seminoksar er nøye valde ut etter klåre kriterium, som avdråtten til oksemora, eksteriøret og jurforma til oksemora og eksteriøret til sjølve oksen.

Men det kjekkaste og enklaste er sjølvsagt å ha eigen gardsokse, som far til Symra var. Sist veke var difor gardsfolket på Selheim, Hilde og Lars, til Valdres og henta ein ny komande gardsokse hjå leiaren i fjordfelaget, Ingvild Oldre Heggom.

Oksekalven er fødd i januar og vert klar for innsats neste haust.

Symra er fødd på garden Selheim på Voss i 2018. Dotter av Ameline, kjøpt som kalv i Vang i Valdres, og Kjell Bjarne, gardsoksen på Selheim i 2017. Symra vann over dauden på Dag og Tid-stølen som liten kalv då ho fekk oppsvulma mage.

Det er enno mykje snø på stølen, men vonleg vert det bu­-
føring av kyrne i slutten av juni.

Og namnet på kalven? Odesa – etter Ukrainas fremste kulturby som no står framfor sin lagnadstime.

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis