Ny opplagsvekst for Dag og Tid
Opplagstala syner ein framgang på 705 eksemplar, eller 6 prosent, for andre halvår 2021.
Gregor Falkner er marknadssjef i Dag og Tid.
Foto: Kenneth Wathne
Opplagstal
tiril@dagogtid.no
Då Mediebedriftene la fram godkjende opplagstal for magasin, aviser og vekeblad onsdag denne veka, fekk Dag og Tid godkjent eit opplag på 13.425 for andre halvår i fjor.
Marknadssjef i Dag og Tid Gregor Falkner takkar lojale abonnentar for opplagsrekordane som vekeavisa har hatt dei siste åra.
– I tillegg til å fornye eigne abonnement snakkar dei godt om avisa og tipsar andre om henne. Det hjelper godt.
Veksten kom først og fremst frå komplettabonnementet, som inkluderer både papiravis og det digitale tilbodet med lydavis, e-avis, arkiv og digitalt kryssord.
– Denne kombinasjonen har vist seg å vere svært populær.
– Kva skal til for å vekse endå meir?
– Først og fremst skal vi halde fram med å lage ei god og viktig avis kvar veke som er verd å abonnere på. Så skal vi ta godt vare på abonnentane våre, det vil seie passe på at papiravisa kjem fram når ho skal, og at det er enkelt å bruke det digitale tilbodet vårt, seier marknadssjefen.
– Abonnentane våre skal vite at vi set pris på dei, og at dei er grunnen til at vi kan lage ei god avis. Avisa har no så høg kvalitet at ho fortener endå fleire lesarar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Opplagstal
tiril@dagogtid.no
Då Mediebedriftene la fram godkjende opplagstal for magasin, aviser og vekeblad onsdag denne veka, fekk Dag og Tid godkjent eit opplag på 13.425 for andre halvår i fjor.
Marknadssjef i Dag og Tid Gregor Falkner takkar lojale abonnentar for opplagsrekordane som vekeavisa har hatt dei siste åra.
– I tillegg til å fornye eigne abonnement snakkar dei godt om avisa og tipsar andre om henne. Det hjelper godt.
Veksten kom først og fremst frå komplettabonnementet, som inkluderer både papiravis og det digitale tilbodet med lydavis, e-avis, arkiv og digitalt kryssord.
– Denne kombinasjonen har vist seg å vere svært populær.
– Kva skal til for å vekse endå meir?
– Først og fremst skal vi halde fram med å lage ei god og viktig avis kvar veke som er verd å abonnere på. Så skal vi ta godt vare på abonnentane våre, det vil seie passe på at papiravisa kjem fram når ho skal, og at det er enkelt å bruke det digitale tilbodet vårt, seier marknadssjefen.
– Abonnentane våre skal vite at vi set pris på dei, og at dei er grunnen til at vi kan lage ei god avis. Avisa har no så høg kvalitet at ho fortener endå fleire lesarar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.