KUNSTMÅLAREN GEORGE W. BUSH
George W. Bush har stilt ut måleria sine fleire gonger, men no får han gode meldingar for ei bok med soldatportrett.
– Folk er overraska. Men på den andre sida er det nokre som også er overraska over at eg faktisk kan lesa, sa den tidlegare presidenten til Daily Morning News i 2012.
Boka til Bush har tittelen Portraits of Courage: A Commander in Chief’s Tribute to America’s Warriors, og ho toppar bestseljarlista i USA, melder Jyllands-Posten. Boka inneheld måleri og historier som skildrar veteranar Bush sjølv har møtt.
NYNORSK I VG
Den 10. mars vart det publisert ein nynorsk artikkel på nettsida til VG, og dagen etter stod han på trykk i papiravisa. Det markerer eit brot med det konsekvente forbodet VG tidlegare har hatt mot saker på nynorsk.
– At språket vårt no kjem oftare på trykk i VG, kjennest som eit statusløft for heile nynorsken, seier Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag.
Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG, opplyser til Noregs Mållag at det har skjedd ei oppmjuking av reglane for bruk av nynorsk i avisa i det siste. Han fortel at det ikkje lenger er eit absolutt forbod mot nynorsk i redaksjonelt stoff. VG opnar for at journalistane kan få bruka nynorsk «der dette er naturlig». Avisa sidestiller bokmål og nynorsk på debattsidene.
Tittelen på den første nynorsksaka i VG var «Endeleg kan ’verdas tyngste kvinne’ smila igjen». Ho var skriven Jostein Matre, og handlar om egyptiske Eman Ahmed, som vog 500 kilo før ein fedmeoperasjon.
PAKISTAN MOT SOSIALE MEDIUM
Pakistanske styresmakter lovar ein kraftig offensiv mot brukarar av sosiale medium som gjer seg skuldige i blasfemi. I Pakistan kan blasfemi utløysa dødsstraff. Kritikarane av regjeringsoffensiven meiner at den strenge blasfemilovgjevinga ofte vert brukt for å undertrykkja minoritetar. Men innanriksminister Chaudry Nisar har denne veka gjort det klart at regjeringa vil ta «alle middel i bruk» i kampen mot blasfemien. For nokre dagar sidan demonstrerte tusenvis av studentar til fordel for ei skjerpa line mot blasfemi, skriv Jyllands-Posten.
PAPIRBØKENE GREIER SEG
Papirboka vart dømd nord og ned, medan e-boka vart hausa opp. Men no viser det seg at den gamle boka greier seg betre enn venta, syner ei britisk undersøking. I Storbritannia, USA og Irland går salet av papirbøker opp. I Australia, Spania og Italia går salet ned, men tendensane er ikkje klarare enn at ein enkelt bestseljar kan rokka ved statistikken. Tala for 2016, som vart offentleggjorde i samband med bokmessa i London, syner at den fysiske boka har meir motstandskraft enn venta, melder The Guardian.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.