Nynorskbrukaren dette året
Nynorsk kultursentrum heidrar politikaren John-Ragnar Aarset med grom pris.
John-Ragnar Aarset får gjæv pris og ein gjæv sum pengar.
Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen
Nynorsk
ronny@dagogtid.no
John-Ragnar Aarset er kåra til Årets nynorskbrukar 2018. Han er politikar, tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet og generalsekretær i Høgre sidan 2015. Aarset får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», ifylgje styret i Nynorsk kultursentrum. Dei har vurdert 47 kandidatar og enda på høgrepolitikaren.
«Dette er overveldande! Berre det å vere tenkt på i denne samanhengen er stor stas, Eg tok mine aktive val for nynorsk først som gymnasiast heime i Hallingdal, og vidare då eg blei leiar i Unge Høgre for 20 år sidan», fortel ein glad John-Ragnar Aarset i pressemeldinga frå Nynorsk kultursentrum.
Årets nynorskbrukar er ein pris som blir delt ut av Nynorsk kultursentrum på Dei nynorske festspela kvart år. Prisen går til «personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk». Prisen er på 100.000 kroner.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nynorsk
ronny@dagogtid.no
John-Ragnar Aarset er kåra til Årets nynorskbrukar 2018. Han er politikar, tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet og generalsekretær i Høgre sidan 2015. Aarset får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», ifylgje styret i Nynorsk kultursentrum. Dei har vurdert 47 kandidatar og enda på høgrepolitikaren.
«Dette er overveldande! Berre det å vere tenkt på i denne samanhengen er stor stas, Eg tok mine aktive val for nynorsk først som gymnasiast heime i Hallingdal, og vidare då eg blei leiar i Unge Høgre for 20 år sidan», fortel ein glad John-Ragnar Aarset i pressemeldinga frå Nynorsk kultursentrum.
Årets nynorskbrukar er ein pris som blir delt ut av Nynorsk kultursentrum på Dei nynorske festspela kvart år. Prisen går til «personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk». Prisen er på 100.000 kroner.
Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.