Olav Engan (1926–2022)
Olav Engan skaffa startkapitalen tril Dag og Tid.
Foto: Privat
Den fyrste disponenten i avisa er død. Olav Engan er kalla «far til Dag og Tid», og det med rette. Det var han som skaffa startkapitalen til avisa, og som fekk ut det første prøvenummeret for 60 år sidan, med Arthur Klæbo om redaktør.
Engan hadde den optimismen og det pågangsmotet som var naudsynt for å lukkast. Dei som framleis minnest ferda hans landet rundt for å selja aksjar og skaffa tingarar, nemner mannen med gitaren. Han skapte glede kring seg kvar han kom. Det var ikkje lett å seia nei når Engan spurde om hjelp til å skipa ei ny landsdekkjande avis på nynorsk.
Men det kosta å laga avis, den første aksjekapitalen vart ryr, og tingarane var ikkje så trufaste som styret og dei tilsette hadde rekna med. Så var det å byrja på nytt att, skaffa meir aksjekapital, selja abonnement og lysingar.
Dei første driftsåra var turbulente, med fleire redaktørskifte og tingarar som sa opp av ulike grunnar. Det var gode argument for å gje opp, men det var utenkjeleg for Engan. Idealismen rådde, dei tilsette og ungdomane i styret stødde opp om ny driv, og den alltid optimistiske disponenten bretta opp ermane og gauv på med ny kraft.
Ein kunne tru at berre eit råskinn av eit menneske kunne stå i det, men det var ikkje Engan. Dei som arbeidde saman med han i denne tida, nemner han som mild og snill, ein godlynt venesæl mann som aldri gav opp, men jamt fann ei råd om det såg aldri så mørkt ut.
Olav Engan kom frå små kår, han voks opp på eit småbruk i Ogndal og laut ta del i arbeidet frå han var liten gut. Han fekk det med seg frå heimen at det vart ei råd, berre ein stod på og gjorde det som trongst. Nokon vidaregåande skulegang var det ikkje råd med, men han var gløgg og lærenæm og øvde seg opp i god språkføring. Nynorsken låg hjarta hans nær, og kampen for målsaka og nynorsk bruksspråk var det som dreiv han, også då han kom til Oslo som skrivar i Noregs Mållag, 33 år gamal. Det var den posisjonen som førte han vidare til pionerinnsatsen for Dag og Tid.
Etter ti år som disponent i Oslo gjekk ferda vidare til Trøndelag med nye ansvarsfulle oppgåver. Han vart styrar for Trønderheimen i Trondheim. Hotelldrift høvde godt for han. Folk treivst i lag med Olav Engan, gjestene sette pris på å møta ein hotelldirektør som tok seg tid til å prata med dei. Det store nettverket hans voks. Etter kvart fekk han også sine eigne hotellverksemder, på Ørlandet og i Gäddede i Jämtland, rett over grensa til Sverige.
Kona Laura hadde også røynsle frå hotell. Olav møtte henne då ho arbeidde i resepsjonen på Grand Hotell i Steinkjer. Dei gifte seg i 1952 og fekk fire barn, Gunnar, Ole Kristian, Laila og Kjetil. Etterslekta deira har vakse med barneborn og oldeborn. Olav tok det tungt då Laura døydde i 2002. Men livet gjekk vidare, og han dyrka hobbyane song, dans og amatørteater. Heilt til for få år sidan var han instruktør og leiar av Steinkjer Seniordans.
Då Dag og Tid feira 50 år i 2012, stilte 86-åringen med 121 nyverva tingarar frå Trøndelag, og han heldt fram med å sanka tingarar så lenge han levde. Dag og Tid var eit hjartebarn for den idealistiske forretningsmannen. Han gledde seg stort over framgangen til avisa.
Engan fekk oppleva at draumen han ein gong hadde, om ei levedyktig, riksdekkjande og allmenn respektert nynorsk riksavis, vart røyndom.
Olav Ivar Engan fekk eit rikt og langt liv, det vanta berre ein månad på at han vart 96 år. Dag og Tid har mykje å takka han for, og me lyser fred over hans minne.
Arne-Ivar Kjerland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.