Foto: Hans Jørgen Brun
Et rom står avlåst
Jeg lengter etter deg.
Et rom står avlåst i kroppen min.
Alle tingene dine fins der og avtrykkene
av det korte livet ditt, flyktige
som skygger på snøen i måneskinnet.
Nøkkelen har jeg og jeg går inn
med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt
og taler uten ord med tomheten,
en kronisk lytter.
Jeg lengter etter deg
også fordi du var likest meg. Uten deg
går jeg alene med vranglynnet mitt.
Alt som var fint i meg og nå falmer
har du som en tidlig sommerdag, et flott
langtidsvarsel. Også lavtrykkene mine
langt vest i deg kunne hope seg opp.
Av og til
kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd
og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest
hang dagene våre som enige
søskenperler på kjedet.
Lengter etter deg.
Hverken vær eller dager løper mer.
Og tomheten svarer aldri.
Kolbein Falkeid

Olav H. Hauge vart 85, Rolf Jacobsen 86, Ernst Orvil 87. Dei har alle vore lenge borte. Georg Johannesen, Kjell Heggelund, Stein Mehren forlét oss nyleg. Kolbein Falkeid fyller 85 år onsdag 19. desember – han er no den desiderte senioren i norsk lyrikk.
Dikt har han skrive i over femti år, frå debuten Gjennom et glass-skår (1962) til Øyet og virkeligheten (2014) – i alt 24 samlingar, om vi har talt riktig. I tillegg finst fleire utgjevingar av utvalde dikt, og Samlede dikt, som kom til 70-årsdagen i 2003. Visegruppa Vamp har tonesett og spelt inn tekstane hans, registrerte på tjue album dei siste 25 åra.
Ein svært folkekjær poet, med andre ord, som har hatt den lukka å nå ut med dikta sine. Han bur i Haugesund, ved havet – som er det store tyngdepunktet i poesien hans: den balansen synsranda gjev oss. Han har sigla ute, og ei av samlingane heiter Horisontene. Han veit: Havet (i motsetnad til menneska) tek aldri feil.
Det store skiljet i Falkeids liv og dikting – seier han – kom då den eldste dottera hans gjorde sjølvmord i 1988. Familien hadde lenge gått med ei uro – ein psykiater sa: «Nei, hun vil lykkes en dag.» Så drukna ho seg.
Samlinga En annen sol (1989) er skriven i desperasjon. Diktet «Et rom står avlåst» skildrar sorga til faren. Å ta opp eit slikt tema i norsk lyrikk var unikt på den tida. Falkeid fortel at mange som kjende seg att, skreiv og takka han. På 2000-talet, med ein auke i talet på sjølvmord hos unge, vart dette drøfta ope i aviser og medium, som det store samfunnsproblemet det er.
Diktet forklarer seg sjølv. Poeten ser skuggesidene i eigen person ved tapet av dottera. Ketil Bjørnstads bok Kolbein Falkeid – et nærbilde (2008) gjev meir bakgrunn.
Jan Erik Vold
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.