JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Organistkjærast

Frank Tønnesen skriv om hendingar og tankar som fell han inn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3198
20230825
3198
20230825

Berre nokre månader etter at Marit forelska seg i Geir, budde dei under same tak. Han var organist, og i byrjinga blei ho med i kyrkja kvar sundag og sat ved sida av orgelet medan han spelte. Geir kunne fleire av salmane utanåt og kikka ofte bort på Marit i staden for på notane. Når han ikkje spelte i kyrkja, blei det mykje øving, og utanom det gjorde han ikkje så mykje anna eigentleg.

Marit syntest det var godt at Geir spelte orgel og piano og ikkje gitar. Ho hadde ikkje orka å høyre på gitarklimpring heile dagane. Og det er ikkje mykje appetittleg med desse lange neglene somme gitaristar går rundt med.

Sjølv om Marit hadde bil, ville Geir helst sykle, det var han van med å gjere før han trefte Marit. Han sykla visst overalt, ifølgje han sjølv, til kyrkja og butikken og til hemmelege stader.

Marit køyrde til kyrkja, mens Geir heiv seg på sykkelen, som regel kom ho fyrst fram og gjekk inn og sette seg ved orgelet og venta. Fleire gonger trudde ho at noko hadde hendt, for han kom ikkje. Men på magisk vis dukka Geir alltid opp. Rett før musikken skulle byrje, sat han klar på krakken.

Geir hadde budd det meste av sitt vaksne liv åleine og var nokre år eldre enn Marit. Men det var mykje han ikkje hadde teke seg bryet med å finne ut av. Komfyren var ein av dei tinga. Det gjekk i nudlar og alle slags ferdigprodukt som kunne varmast i mikroen. Marit viste han korleis knappane på komfyren skulle brukast, og gav han grytevottar til bursdagen. Det hjelpte ikkje, frykta for å skade spelefingrane var for stor. Han kunne heller ikkje bruke noko slags verktøy, så Marit måtte gjere alt mogleg som Geir ikkje kunne gjere.

Då sykkelen punkterte og Marit sa at ho kunne fikse det, sperra han opp auga. Ho sette i gang, mens han sat på trygg avstand og følgde med. Geir hadde aldri sett nokon som lappa eit sykkelslange før.

Etterpå blei han så glad at han og sykla av garde utan å seie ifrå kor han tok vegen. Han blei borte i fleire timar, slik at Marit blei uroleg og ringde til nokre vener og spurde om dei hadde sett Geir, men det hadde dei ikkje. Til slutt kom han, men kunne ikkje gjere greie for kor han hadde vore.

Av andre fekk Marit høyre at Geir ikkje var så god til å spele som ho trudde. Han spelte slurvete, og det flaut dårleg. Dei sa han spelte for fort, slik at det var vanskeleg å syngje med på salmane. Akkurat det hadde Marit òg reagert på. Det hadde kome inn fleire klagar på at han spelte for sterkt og høgt i gravferder, slik at det blei ei ekstra belastning for dei pårørande.

Etter kvart gjekk det opp for Marit at Geir ikkje var nokon mann å satse på, og at all øvinga ikkje førte til at han blei noko betre. Ho hadde òg merka at han kvidde seg for å halde henne i handa, på grunn av desse spelefingrane. Ho slutta å vere med på gudstenestene, og ei natt drøymde ho at mens Geir sat og øvde, lista ho seg innpå han bakfrå og slo eit brekkjern over fingrane på høgrehanda. Han fall ned på golvet og rulla att og fram mens han ynka seg.

Morgonen etter spurde Marit om det var slik at ho måtte gjere alt, berre fordi han var organist? Det hadde han ikkje noko svar på.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis