Sproingprisen for 2017 gjekk til teiknar Håkon Aasnes.
Sproingprisen for 2017 gjekk til teiknaren Håkon Aasnes for Smørbukk-juleheftet han laga for Norsk Barneblad og redaktør Nana Rise-Lynum i fjor.
Foto: Wenche Brusevold
Teikneserie
ottar@dagogtid.no
Prisen går også til Norsk Barneblad, for Aasnes får prisen for å ha teikna Smørbukk-juleheftet for 2016. Som dei fleste veit, er Smørbukk eitt av dei eldste julehefta i landet. Håkon Aasnes har fornya serien, men samstundes har han halde på så mykje av det gamle, at alle kan gle seg over ein gamal klassikar i ny og spenstig form.
Det er Norsk Tegneserieforum (NTF) som står bak Sproingprisen, som har vorte delt ut i 30 år. Det vert delt ut to prisar årleg. Den eine går til den beste norske utgjevinga, der forfattar og/eller teiknar må ha norsk statsborgarskap. Den andre prisen går til den best omsette utgjevinga, og i år gjekk prisen til Kazu Kibuishi og forlaget Fontini for serien Amuletten.
Alle NTF-medlemmer kan senda inn forslag på seriar som dei ønskjer å nominera, og sidan stemmer medlemmene.
Håkon Aasnes er ein av dei mest produktive teikneserieteiknarane i landet. Ved sida av Smørbukk har til dømes teikna Tuss og Troll, Fantomet og Stomperud.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Teikneserie
ottar@dagogtid.no
Prisen går også til Norsk Barneblad, for Aasnes får prisen for å ha teikna Smørbukk-juleheftet for 2016. Som dei fleste veit, er Smørbukk eitt av dei eldste julehefta i landet. Håkon Aasnes har fornya serien, men samstundes har han halde på så mykje av det gamle, at alle kan gle seg over ein gamal klassikar i ny og spenstig form.
Det er Norsk Tegneserieforum (NTF) som står bak Sproingprisen, som har vorte delt ut i 30 år. Det vert delt ut to prisar årleg. Den eine går til den beste norske utgjevinga, der forfattar og/eller teiknar må ha norsk statsborgarskap. Den andre prisen går til den best omsette utgjevinga, og i år gjekk prisen til Kazu Kibuishi og forlaget Fontini for serien Amuletten.
Alle NTF-medlemmer kan senda inn forslag på seriar som dei ønskjer å nominera, og sidan stemmer medlemmene.
Håkon Aasnes er ein av dei mest produktive teikneserieteiknarane i landet. Ved sida av Smørbukk har til dømes teikna Tuss og Troll, Fantomet og Stomperud.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.