Ronny Spaans nye bok Kjøpesenterlandet skaper debatt i både by og bygd.
Mange har gledd seg, og somme har hissa seg opp over Ronny Spaans nye bok, «Kjøpesenterlandet».
Foto: Dreyer Forlag
STADUTVIKLING
ottar@dagogtid.no
Som journalist i Dag og Tid har Ronny Spaans teke pulsen på 34 norske byar og bygdebyar. No er artiklane samla i boka Kjøpesenterlandet med undertittelen Planlaus norsk stadutvikling.
– Noreg har det største talet på kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa. Fordeler me talet på kvadratmeter på innbyggjarane i landet, får nesten kvar innbyggjar mest ein kvadratmeter. Sverige har berre halvparten så mange kjøpesenterkvadratmeter. Noreg har flest bilbaserte kjøpesenter utanfor bysentrum. Det samla salsarealet for kjøpesentera har nærast dobla seg her i landet på ti år, fortel Spaans.
Han viser til at ekspertar kallar denne trenden for ein vedvarande katastrofe, ettersom han fremjar bilbruk og er til hinder for mjuke trafikantar og kollektivtrafikk.
Men på reisene sine kringom i landet har Ronny Spaans også kome over gode døme på tettstadutvikling.
– Vesle Lom med to tusen innbyggjarar har greidd det ingen andre har makta: å tvinga dei store daglegvarekjedene i kne, seier han.
I Førde har det ikkje gått like bra.
– Førde er verstingen i norsk stadutvikling, men etter ei storstila oppgradering av sentrum, kom det solglytt over sunnfjordbyen. Men gamle synder er vonde å venda, slår Spaans fast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
STADUTVIKLING
ottar@dagogtid.no
Som journalist i Dag og Tid har Ronny Spaans teke pulsen på 34 norske byar og bygdebyar. No er artiklane samla i boka Kjøpesenterlandet med undertittelen Planlaus norsk stadutvikling.
– Noreg har det største talet på kjøpesenterkvadratmeter per innbyggjar i Europa. Fordeler me talet på kvadratmeter på innbyggjarane i landet, får nesten kvar innbyggjar mest ein kvadratmeter. Sverige har berre halvparten så mange kjøpesenterkvadratmeter. Noreg har flest bilbaserte kjøpesenter utanfor bysentrum. Det samla salsarealet for kjøpesentera har nærast dobla seg her i landet på ti år, fortel Spaans.
Han viser til at ekspertar kallar denne trenden for ein vedvarande katastrofe, ettersom han fremjar bilbruk og er til hinder for mjuke trafikantar og kollektivtrafikk.
Men på reisene sine kringom i landet har Ronny Spaans også kome over gode døme på tettstadutvikling.
– Vesle Lom med to tusen innbyggjarar har greidd det ingen andre har makta: å tvinga dei store daglegvarekjedene i kne, seier han.
I Førde har det ikkje gått like bra.
– Førde er verstingen i norsk stadutvikling, men etter ei storstila oppgradering av sentrum, kom det solglytt over sunnfjordbyen. Men gamle synder er vonde å venda, slår Spaans fast.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.