Mennskesmuglarane og livbergaren
Ein menneskesmuglar fortel: «Eg tener frå 200.000 til 500.000 euro i månaden». Over fire millionar kroner.
Mange av flyktningane har måtta betala smuglarane opp til 5000 dollar for å koma frå Tyrkia til Europa.
Foto: Lefteris Pitarakis / NTB scanpix
LITTERATUR
ottar@dagogtid.no
Menneskesmuglaren er omtalt i den nye boka På flukt med mobiltelefon – en dyrebar følgesvenn, som Elisabeth Eide har skrive saman med Afshin Ismaeli og Amin Senatorzade. Dei to sistnemnde kom til Noreg som flyktningar for ti år sidan. Afshin er opphavleg kurdar frå Iran, medan Amin er afghanar.
I boka vert storsmuglaren omtalt som Ahmed frå Irak. (Ahmed er ikkje det rette namnet hans.) I Athen eig han mange restaurantar og hotell, og han fortel at han treng ein lovleg jobb for å løyna dei andre aktivitetane sine, og for å kvitvaska pengane. Og då brukar han det såkalla hawalasystemet for å overføra pengane til Irak.
I boka vert det vist til tal frå FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC), som hevdar at smuglarar som opererer mellom Afrika og Europa tener om lag 150 millionar amerikanske dollar i året, medan smuglarar som opererer i det austlege Middelhavet, tener mykje meir. Omfanget er formidabelt.
I 2015 kom det over ein million menneske frå Afrika, Asia og Midtausten til Europa. Trass i EUs avtale med Tyrkia kom det nesten 360.000 flyktningar i fjor. Med så mange flyktningar og migrantar på reise er det ikkje rart at marknaden vert stor for menneskesmuglarar, og at Europol har slått fast at smugling av migrantar er det mest lønsame kriminelle aktiviteten etter narkotika- og våpenhandel.
MØTTE STORSMUGLAREN
Det er Afshin Ismaeli som har gjort intervjua med menneskesmuglarane, og det var han som møtte den styrtrike menneskesmuglaren i Athen.
– Korleis greidde du å få smuglarane i tale?
– Det var til god hjelp å kunna språket. I Hellas møtte eg fem-seks smuglarar, og nokre har eg intervjua på telefon. Eg brukte sjølv smuglarar då eg kom til Noreg, og eg brukte ruter som smuglarane eg snakka med, kontrollerer.
– Korleis ser du som tidlegare flyktning på menneskesmuglarane? Betraktar du dei som kriminelle?
– Ein kan sjå på dei på to måtar. Sett frå Vesten er dei kriminelle, men for flyktningane er dei hjelparar som sørgjer for at dei skal koma seg vidare til Europa. Det skjer mykje på flyktningtransportane. Smuglarane har våpen. Flyktningane vert slått, og det hender kvinner vert truga med valdtekt. Menneskesmuglinga er hierarkisk bygd opp, og det er dei som sit på toppen og tener mykje pengar, som er dei verkeleg kriminelle.
– Du møtte den styrtrike hotell- og restauranteigaren i Athen?
– Ja, i restauranten hans. Han fortalde at han kunne tena 500.000 euro i månaden. Men han viste også til at det hender at han taper store summar på til dømes kjøp av falske pass og billettar til fleire flyavgangar. Det finst døme på at menneskesmuglarane er utstyrte både med helikopter og hurtiggåande båtar, og alt må betalast.
– Kan det vera sant at smuglaren tener så mykje?
– Ja, sjølv reiste eg saman med nesten hundre flyktningar, og alle måtte betala opp mot 5000 dollar for å koma seg frå Tyrkia til Europa. Men det finst dei som betalar 11.000 dollar, men då tek dei luksusyacht til Rodos og fly derifrå til Noreg. Det er vanskeleg å setja ein stoggar for menneskesmuglinga. Politiet har teke mange smuglarar, og det finst dei som har fengselsdommar på opp til 20 år, men det verkar som om det alltid er andre som tek over.
– Trur du at gresk politi kjenner til at hotell- og restauranteigaren er storsmuglar?
– Ja, det er soleklart at han må driva ulovleg, svart business for å få så mykje pengar at han kan etablera fleire hotell og restaurantar i sentrum av Athen, seier Afshin Ismaeli.
Ein av dei andre som er intervjua i boka har vore smuglar i 15 år. Han fortel at organisasjonen hans har 30 personar som er stasjonerte i ulike land. Der tek kontaktpersonar mot flyktningane og sender dei vidare, og det hender dei brukar både helikopter og speedbåtar i tillegg til landrutene.
LIVBERGANDE
Men historia om menneskesmuglaren i Athen og dei andre smuglarane utgjer berre eitt kapittel i På flukt med mobiltelefon. Forfattarane har vore innom fleire asylmottak, og dei har intervjua 18 flyktingar frå Afghanistan, Syria, Irak, Iran og Kurdistan.
– Kvifor ei slik bok, Elisabeth Eide?
– Éin grunn var at det har dukka opp villfarne politikarar som trudde at flyktningar som kjem hit til landet med smarttelefonar, er privilegerte, og at det ut frå det ikkje er nokon grunn til å ha sympati med dei. I boka fortel me individuelle flyktninghistorier der mobiltelefonen har vist seg å spela ei heilt sentral rolle. Med seg over havet har flyktingane kanskje berre ein liten sekk og mobiltelefonen godt surra inn i plast for at han ikkje skal ta skade. Dei elektroniske livbergarane heng i vasstette posar krig halsen på mange av båtpassasjerane. Kanskje er telefonen det viktigaste dei har med seg, og det tykte me var verdt å dokumentera. Dei moderne telefonane har så mange bruksområde og så mange ulike funksjonar. Flyktningane brukar dei til alt – frå livreddande funksjonar til minnebankar og navigering med GPS. Det finst fleire døme på at folk i havsnaud mellom Tyrkia og Hellas har hatt god nytte av mobiltelefonen. Det finst også døme på at folk har brukt han til å forsvara seg mot overgrep ved å filma folk som har freista å mishandla dei. Når det dukkar opp politi på ei fluktrute, har flyktningane brukt mobiltelefonen til å varsla dei som følgjer etter dei.
– Du kjenner godt til dei ulike sidene ved flyktningproblemet. Korleis bør Noreg takla flyktningsituasjonen. Bør me vera meir sjenerøse?
– Den nye boka handlar ikkje først og fremst om norsk flyktningpolitikk. Ho freistar å humanisera dei som dels vert framstilte som eit stort massetrugsmål både i media og i den politiske retorikken. I boka freistar me å sjå årsakene til at folk flyktar. Folk vil ikkje til Noreg av di dei vil til eit land som fløymer over av mjølk og honning. Dei flyktar av di dei er nøydde. Me har også ønskt å få fram kor viktig mobiltelefonen er. Her heime tykkjer folk at han er heilt uunnverleg, og då kan ein tenkja seg kor viktig han kan vera i meir prekære situasjonar i det ein kallar ingenmannsland. Men det er ikkje vanskeleg å tenkja seg ein meir raus flyktningpolitikk enn den me har i dag.
UTRULEG HISTORIE
I boka har forfattarane teke med den fantastiske historia om ein afghansk gut som berga seg sjølv og 14 andre flyktningar. Dei 15 skulle smuglast til England i ein lastebil, men etter kvart var lasterommet i ferd med å gå tomt for oksygen. Ahmed, som berre var seks eller sju år, sende ei gebrokken tekstmelding til ein hjelpearbeidar som gav han telefonen då ho blei kjend med han i den provisoriske migrantleiren «Jungelen» i Calais. Hjelpearbeidaren bad han kontakta henne om han kom i fare, og no gjorde han nettopp det. Kvinna var i New York då ho fekk tekstmeldinga, men kontakta ein kollega som kontakta det lokale politiet, som greidde å spora opp lastebilen og berga livet til Ahmed og dei 14 andre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er ikkje vanskeleg å tenkja
seg ein meir raus flyktning-
politikk enn den me har i dag.»
Elisabeth Eide
«Sett frå Vesten er smuglarane
kriminelle, men for flyktningane
er dei hjelparar som sørgjer for
at dei skal koma seg vidare».
Afshin Ismaeli
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.