Sofia Helin og Kim Bodnia frå sesong 1 av Broen.
«NORDIC NOIR
ER DØD»
Den britiske fjernsynsmeldaren Mark Lawson i The Guardian tek hardt i. Nyleg hevda han at den nordiske fjernsynssjangeren Nordic Noir er død. Han meiner at sjangeren, som dei danske seriane Forbrytelsen og Broen er eksponentar for, er i ferd med å drukna på grunn av for myke samarbeid mellom land og for mange produksjonar. Dei harde orda kjem delvis i forlenginga av kritikken av fjernsynsserien Midnight Sun. Lawson meiner at ein har blanda for mange ulike språk i denne serien. Etter suksessen med Broen, som var eit dansk-svensk samarbeid, har det vorte gjort freistnader med fleire liknande produksjonar. Problema byrjar når dei samarbeidande landa ligg for langt frå einannan.
RASISTISK
BESTSELJAR
Donald Trumps rådgjevar Steve Bannon og franske Marine Le Pen har sansen for den same boka: Jean Raspails De helliges leir. Då boka kom ut i 1973, vart ho ein flopp, men etter at Bannon og Le Pen har propagandert for henne, har ho plutseleg vorte ein suksess, skriv Aftonbladet.
I boka byrjar det i Gangesdeltaet med millionar av migrantar som flyktar frå fattigdom og elende i stuvande fulle båtar. Dei hamnar i «paradiset» på den franske Rivieraen, og fordriv snøgt bort dei som budde der opphavleg.
Forfattaren Jean Raspail er i dag 93 år, og han hevdar i eit intervju at boka berre handlar om «det sjokket som det fleirkulturelle samfunnet vil medføra», det vil seia at menneske av ulik rase ikkje kan leva saman. Franske journalistar har nyleg granska boka og funne ut at ho kan fellast på heile 87 punkt, om dei hadde gått til sak. Debatten boka har vekt i Frankrike, har i det minste ført til at forlaget har trykt boka i nytt opplag.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.