Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kulturmiljøet i Levanger sentrum er freda.

Foto: Camilla Hattrem / Riksantikvaren

1769
20181116
1769
20181116

Riksantikvaren har freda fleire bygningar

Førre fredag vedtok regjeringa å frede det gamle trehusmiljøet i Levanger som kulturmiljø. Det inneber at gater, plassar, parkar og bygningar i Levanger sentrum vert freda etter kulturminnelova. Andre fredingar er det sjeldsynte interiøret frå mellomkrigstida i den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. i Olav Kyrres gate 1 og jugendhuset i Kong Oscars gate 70 i Bergen. Romanivillaen på Nedstrand i Rogaland vart freda fordi han kan knytast til historia til romanifolket i Noreg.

Nye julehefte i sal over helga

Med Herborg Kråkevik som redaktør kjem juleheftet Juleroser ut for fjerde gong. Nytt i år er juleheftet Barnas juleroser.

Begge er dei litterære julehefte med tekstar frå mange kjende forfattarar og kunstnarar i vår tid. Dei to julehefta, som òg er rikt illustrerte, har i år bidrag frå Vigdis Hjorth, Linda Eide, Håvard Vikhagen, Frode Grytten, Thorvald Steen, Maria Parr, Lisa Aisato, Bobbie Peers og fleire andre.

– Eg håper at Juleroser og Barnas juleroser kan gje deg jul i hjartet, slik dei gjorde for meg då eg var barn, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, seier redaktør Herborg Kråkevik i presseskrivet.

Julehefta som blir gjevne ut i eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Publishing, er i sal frå neste veke.

Bok om prislønte Synnøve Persen

I 40 år har den samiske biletkunstnaren og forfattaren Synnøve Persen utforska språket i fargar og poesien i musikk. Tidlegare i år fekk ho Kulturrådets ærespris 2018. I boka Luondduadjágasat – Dreamscapes, som vart lansert denne veka, skildrar forfattar Susanne Hætta kunstnarlivet til Synnøve Persen på ein dokumentarisk og kunstnarleg måte, fortel presseskrivet.

tiril@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis