Romandebutant mot sin vilje
Øyvind Berg har aldri hatt romanambisjonar, men under skrivinga av Roseromanen valde stoffet si eiga form, og då var det berre for poeten å følgje etter.
Poeten Øyvind Berg har skrive roman for første gong.
Foto: Paal Audestad
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Ikkje berre har Øyvind Berg bevegd seg inn i ei ny litterær verd med denne romanen; han har også gått djupt inn i botanikken, i den fascinerande sfæren til rosene. For hovudpersonen, ein namnlaus gartnar, lever og andar for å dyrke fram den ultimate rosesorten.
Ein forfattar som i 37 år har konsentrert seg om å skrive dikt, litt essayistikk og noko dramatikk, støytte raskt på vanskar han ikkje var fortruleg med. Å komponere ein lengre tekst, balansere dei ulike elementa mot kvarandre – og dei blei etter kvart mange – skapte problem for Berg, som er mest van med det korte formatet. For Roseromanen er både ei kjærleikshistorie, eller to, og ei historie om – ja, roser, rosedyrking og roseforedling. Og ikkje så reint lite om litteratur.
Forbyting
Roseromanen byrjar med ei forbyting. To gutar som kjem til verda samstundes, blir bytte om på klinikken. Den eine hamnar i ein jødisk familie og blir omskoren. Først etter fem år blir feilen retta opp, med konsekvensar både for den namnlause og hans «unaturlege bror», Jacob, som blir lyrikar.
– Tittelen er henta frå eit 800 år gammalt fransk mellomalderdikt?
– Romanen handlar svært mykje om roser, og så har han både ein kjærleikstematikk og ei inderleg stemning som gjorde tittelvalet opplagt.
– I lyrikken er rosa ein ofte misbrukt klisjé. Korleis var det å overføre dette til ein roman?
– Det herlege var at her kunne eg gå i rosehagar og sjå på rosene, dei var ikkje klisjear i det heile. Eg kunne berre gå i gang med å skildre dei, sjå den eine rosa som er ulik den andre rosa, og så la skildringa leve og prøve å forstå at desse blomane har betydd så mykje for menneska og symbolisert så mykje opp gjennom åra – på grunn av utsjånad og duft. Og det har blomane behalde, sjølv om dei har vore nytta som lyriske klisjear.
Derfor kjendest det som ei gjenoppdaging å halde på med boka, seier han.
– Eg kunne konstatere at jøss, her er dei framleis, nett slik dei har vore for tre tusen år sidan. Akkurat like nye, like friske, like upåverka av lag på lag med kulturelle klisjear. Oppgåva mi var berre å sjå det. På mange vis er det ei litt meir naiv grunnhaldning i boka enn den raffinerte litteraturhistoriske tankegangen, som lever i ei litterær boble, der ein kjenner på si eiga historie, men ikkje heilt klarer å tøtsje røyndommen utanfor.
Ein lys roman
– Som i Jacobs tilfelle?
– Det ligg ei sorg i Jacob-figuren. Det han gjer feil, er å vende seg for mykje mot litteraturen og for lite mot livet. Gartnaren seier ein stad at medan han beveger seg ut i lyset, søkk Jacob ned i mørket og litteraturhistoria. I vårt samfunn blir ein lett sett i ulike båsar. Og desse båsane kjem ikkje alltid i kontakt med kvarandre. Så blir vi gåande som dumme kunstnarar eller dumme ingeniørar, kvar i sin sirkel. Når Jacob skriv ein stad at «frihet er farlig», er det eit uttrykk for dette. Han merkar at det han skriv, ikkje får konsekvensar for noko eller nokon som helst.
– Har du vore der?
– Ja. Jacob har trekk av mange eg kjenner i min generasjon.
Det kan vere lettvint å setje likskapsteikn mellom poeten Jacob og romanforfattaren Øyvind Berg. Men sistnemnde gjer det klar at Jacob slett ikkje er noko talerøyr for han, aller minst når Jacob karakteriserer litteraturen som «bare sure brøl». Då ville han jo aldri ha skrive denne romanen, som dessutan er av det lyse slaget, presiserer Berg.
I boka peiker forfattaren på at rosa har hatt ei allegorisk tyding i kristendommen, men Roseromanen vil han at vi skal lese bokstaveleg, ikkje som ein allegori om dikting eller noko anna. Her er rosa ei rose, gartnaren ein gartnar og poeten ein poet.
– Som motto for boka har du dei gåtefulle orda diktaren Rainer Marie Rilke valde som gravskrift?
– Denne gravskrifta har fascinert meg lenge. Her kombinerer Rilke begeistringa for rosa med begeistringa for naturen. Han formulerer noko knapt og gåtefullt, men slik er det å nærme seg den utsprungne rosa med all sin seksualitet, dufter, fargar og former. Dessutan er det ikkje så stor skilnad på blomar og menneske og det vi skal ha ut av livet vårt. Det ligg ein lengt der, som Rilke har formulert svært klart. Og som forteljing spinn boka mi kring denne lengten.
To kjærleikshistorier
– Dei to hovudpersonane blei bytte om på klinikken, og gartnaren arbeider med å bringe fram nye rosesortar. Det gjer identitet til eit sentralt tema, både menneskeleg og botanisk?
– Absolutt. Det er personar her som tidleg i livet blir sette ut og ikkje finn seg til rette med den identiteten dei har å leve i, og som prøver å komme overeins med kvifor dei er som dei er. Begge hovudpersonane er hybride, rosene er hybride og boka sjølv er i høgste grad hybrid med alle dei rosehistoriske og rosekulturelle passasjane som finst i romanforma.
Boka inneheld to kjærleikshistorier: ei vond historie som endar i altfor tidleg død, og som får mykje å seie for livet til gartnaren, og rosepasjonen hans, som etter kvart får endå større betydning. Mot slutten tek den siste heilt over for den første, meiner forfattaren. Gartnaren vil skape seg ei minneplattform for betre å kunne minnast kjærasten som døydde så ung.
– Han skjønar ikkje korleis han skal lage denne plattforma, men er det ikkje slik at han skaper henne utan å innsjå det?
– Plattforma kjem til han medan han er oppteken med noko anna. Og det kan nok hende at han oppdagar det etter kvart.
– Kva er det med denne «oseanfølelsen» som gartnaren somme tider får?
– Det er den kjensla som bergar han gjennom tapa i livet fordi ho gir han samhøyrsle med verda, med naturen. Det er eit omgrep frå Freud som gartnaren kjenner seg igjen i.
Meir prosa
– Kvar har du henta den omfattande rosekunnskapen din?
– Frå ulike rosehagar og rosarium eg har besøkt, og frå bøker eg har lese. Eg har bygt meg opp eit lite rosebibliotek, for det finst mykje god litteratur på engelsk og tysk. På nettet har også somme internasjonale rosedyrkarar gedigne sider ein kan hente kunnskap frå.
– Har du så god greie på roser og rosedyrking som boka di kan gi inntrykk av?
– Hovudpersonen min, gartnaren, har mykje betre greie på roser enn eg. For han har verkeleg peiling, er landets beste og vel så det. Sjølv har eg mindre peiling.
I romanen arbeider gartnaren med å utvikle ei rose med heilt spesielle eigenskapar, ei rose han kallar Donald Duck, som er sjølve stjerna i eit Andeby-univers av nyutvikla roser. Med desse dreg han til ei stor, internasjonal roseutstilling i London, Chelsea Flower Show. Men der tek historia ei bisarr vending, for Donald Duck gjer skandale.
– Ja, møtet mellom dronning Elizabeth og Donald Duck viser seg å vere eksplosivt. Denne rosa har ein heilt spesiell verknad på folk, ho får alle til å bryte ut i sterk latter. Og med dronninga tippar det over, og så går det gale. Då trer statens maktapparat inn for å rydde opp i styret, og for vår mann blir det ein mektig nedtur.
– Kan vi vente meir prosa frå deg?
– Det kan de nok, men det vil eg ikkje seie noko meir om no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ja, møtet mellom dronning Elizabeth og Donald Duck viser seg å vere eksplosivt.
Øyvind Berg, forfattar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.