Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sanninga om dronningofferet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

2054
20170303
2054
20170303

No har det gått så lang tid at eg kan seia sanninga. Då det skjedde, skjøna ikkje det norske folk ein døyt. Ikkje eg heller. Og knappast Karjakin.

Eg minner om opptakta: VM-kampen i fjor haust mellom Magnus Carlsen og Sergej Karjakin vart ein endå større TV-suksess enn tittelkampane mot Vishy Anand. I november vart NRK2 den største TV-kanalen i Noreg av di dei sende sjakk midt på natta.

Då kampen om tittelen enda 6–6 og gjekk til omspel i snøgg-sjakk, rydda NRK1 sendeflata, og kringkastingssjefen inviterte seg sjølv til studio. Over ein million nordmenn følgde sendinga. Eg var òg i panelet, men eg var retteleg invitert, altså. I det fjerde og siste partiet spela Carlsen det avgjerande dronningofferet til h6, kan henda det vakraste sjakktrekket ein har sett gjennom 130 år med sjakk-VM. Det var berre det at ingen såg det.

Karjakin vart perpleks over at han ikkje hadde rokke å gje opp partiet før offeret, så han skunda seg å strekkja fram handa og gratulera den nye verdsmeisteren. Publikum i NRK-studio på Marienlyst reagerte på handtrykket til spelarane med å syngja «Happy Birthday» til Carlsen som fylte 26 år den dagen. Hos VGTV, som òg hadde fleire hundretusen sjåarar, kom confetti dryssande frå taket til vill jubel og tonar frå musikaren Staysman.

«Skal vi gå gjennom avslutninga av partiet på skjermen?» spurde ekspertkommentator Torstein Bae hjå NRK. Men programleiaren fekk svar på øyret frå regien: «Vi må feira Carlsen med jubelscenar. Ingen er interessert i sjakkanalysar no».

For ein herleg kveld, tenkte kringkastingssjefen og eg. Vi jubla saman med resten av folket.

Då eg kom heim, klokka 03 om morgonen, skrudde eg på datamaskinen og fann fram partiet. «Wow! Carlsen ofra dronninga!» Etter 70 timar med direktesende sjakkanalysar denne hausten, miste vi dei siste ti sekunda. Det var for seint å gå attende til NRK, men eg sette meg i ein drosje og snakka om dronningofferet på TV 2s «God morgon, Noreg». Det vart ein god morgon, trass alt.

Atle Grønn

Atne Grønn er internasjonal meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis