Satire på utstilling i Stortinget
– Avisteikningar som kritiserer og harselerer, er ytringsfridom i praksis, seier stortingspresident Masud Gharahkani.
May Linn Clements teikning av prisvinnar Jon Fosse heng no utstilt på Stortinget.
Foto: Svein Gjerdåker
eva@dagogtid.no
Ein statsråd måtte gå for å ha føreslege og gjeve verv til vener, ein annan for å ha kjøpt aksjar i våpen- og teknologiselskapet KongsbergGruppen, som regjeringa like etter indirekte inngjekk storkontrakt med, og ein tredje for å ha vore inhabil på grunn av aksjekjøpa til ektemannen. Samstundes: Ein opposisjonsleiar som vel å verte sitjande sjølv om det er avdekt at ho var inhabil i fleire av sakene ho handsama då ho sat ved makta, fordi ektemannen hennar på same tid gjorde fleire tusen aksjehandlar. Satireteiknarane i Noreg må ha hatt uvanleg gode kår i 2023.
Habilitetssakene i både regjering og opposisjon er òg utgangspunktet for fleire av satireteikningane som no er valde til å henge utstilte på Stortinget – som ei oppsummering av fjoråret. Bråket rundt Fosen-vindturbinane, herjingane til Trump, dyrtida og posisjonen til Trond Giske er blant dei andre temaa som er illustrerte.
Utstillinga, som har kome til gjennom eit samarbeid mellom Stortinget og Avistegnernes hus, vart avduka av stortingspresident Masud Gharahkani (Ap) onsdag denne veka, og skal henge på Stortinget det neste året.
– Avisteikningar som kritiserer og harselerer, er ytringsfridom i praksis. Teikningane har ein naturleg plass i Stortinget, og vi som er politikarar, må tole å verte granska med avisteiknarblikk, sa stortingspresidenten ifølgje M24.
Dag og Tid-teiknaren May Linn Clement står for ei av dei ti teikningane som er valde ut, og var til stades under avdukinga.
Dei andre teiknarane som har bidrege, er Herbjørn Skogstad, Gina Gylver, Siri Dokken, Knut Høihjelle, Hilde Thomsen, Morten Mørland, Egil Nyhus, Fredrik Skavland og Fadi Abou Hassan.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
eva@dagogtid.no
Ein statsråd måtte gå for å ha føreslege og gjeve verv til vener, ein annan for å ha kjøpt aksjar i våpen- og teknologiselskapet KongsbergGruppen, som regjeringa like etter indirekte inngjekk storkontrakt med, og ein tredje for å ha vore inhabil på grunn av aksjekjøpa til ektemannen. Samstundes: Ein opposisjonsleiar som vel å verte sitjande sjølv om det er avdekt at ho var inhabil i fleire av sakene ho handsama då ho sat ved makta, fordi ektemannen hennar på same tid gjorde fleire tusen aksjehandlar. Satireteiknarane i Noreg må ha hatt uvanleg gode kår i 2023.
Habilitetssakene i både regjering og opposisjon er òg utgangspunktet for fleire av satireteikningane som no er valde til å henge utstilte på Stortinget – som ei oppsummering av fjoråret. Bråket rundt Fosen-vindturbinane, herjingane til Trump, dyrtida og posisjonen til Trond Giske er blant dei andre temaa som er illustrerte.
Utstillinga, som har kome til gjennom eit samarbeid mellom Stortinget og Avistegnernes hus, vart avduka av stortingspresident Masud Gharahkani (Ap) onsdag denne veka, og skal henge på Stortinget det neste året.
– Avisteikningar som kritiserer og harselerer, er ytringsfridom i praksis. Teikningane har ein naturleg plass i Stortinget, og vi som er politikarar, må tole å verte granska med avisteiknarblikk, sa stortingspresidenten ifølgje M24.
Dag og Tid-teiknaren May Linn Clement står for ei av dei ti teikningane som er valde ut, og var til stades under avdukinga.
Dei andre teiknarane som har bidrege, er Herbjørn Skogstad, Gina Gylver, Siri Dokken, Knut Høihjelle, Hilde Thomsen, Morten Mørland, Egil Nyhus, Fredrik Skavland og Fadi Abou Hassan.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.