Seriemeister i Sæterdalen
2007: Dei skreiv folkelesnad, men kom ikkje inn i allmenne litteraturhistorier, der forfattarane og diktekunsten er alt.
ALLTID EKTE LESEGLEDE. «Tusen, tusen takk til dere alle», skreiv Sigrid Lunde på Serieliv.no i juni 2018. «En får ha skamvette te’ å slutte mea leiken e’god.» Omslag: Johnny Likvern, Ivan Andreassen og Vebjørn Strømmen.
Foto: Cappelen Damm
Onsdag 26. juni 2018 takka forfattaren Sigrid Lunde for seg. Bokserien Jordmoren tok til i 2007 og skulle bli 24 bøker. Forteljinga om trondheimsjenta Astri som blei jordmor i Sæterdalen på Nordvestlandet, voks seg større enn som så. Astri skulle både halde hus med ektemannen Lars på Storset og handtere si gode veninne, den kvasse gammaljordmora Gjertrud Gare. Etter 66 bøker om desse heldt den konfliktdrivne forteljinga fram i to retningar. Det kom 12 bøker om tida før Astri i serien Lokketoner og 24 bøker i Hjertets røst, då mest om Gjertruds hemmelege dotter. Slik blei Storset-sagaen til 102 bøker på 11 år.
Før dette hadde det kome meir frå same forfattaren. Serien Blodsbånd blei på 25 bøker i åra 1994–1997, utvida med 16 bøker om Vaterlandsjenta 2003–2005. Der var også tid til bøker og teikneseriar om alt frå Knut Gribb til Olsenbanden jr. og Vangsgutane. Med åra er det blitt godt over 200 bøker og eit firesifra tal noveller og forteljingar.
Den første store diktaren av slik folkelesnad var venstrekvinna Karen Sundt frå Farsund. «Jeg blev aldri noen feiret forfatterinne», sukka ho i 1918. Etter henne kom Jon Flatabø frå Kvam i Hardanger, og så, lang, lang rekkje: Rudolf Muus, Kjell Hallbing, Margit Sandemo, Bente Pedersen, Liv Margareth Alver, Willy Ustad, May Grethe Lerum, Anne-Lise Boge, Laila Brenden og mange fleire har skrive mykje og blir lesne av eit publikum som sjølv bokklubbane berre delvis har nådd.
Forfattaren Elin Brend Johansen har kome til at det som er mest populært, er bonderomantikk frå 1800-talet og dramatiske historier frå tidleg 1900-tal. Der er altså ein avstand i tid, men for lesarar flest også ein nærleik i sinn. Mange av forfattarane grev djupt i kjeldene, og somme er både gode historikarar og smarte historieskaparar. Karen Sundt oppsøkte såleis ulike miljø på Vaterland i Kristiania for å kome på innsida av stoffet.
At mange skriv under pseudonym, vitnar om den sosiale posisjonen for seriediktarane. Ein forfattar med så mange bøker og lesarar som Sigrid Lunde skulle det finnast mange foto av. Ho er ikkje på eit einaste. I sitt sivile liv heiter forfattaren Sverre Årnes (f. 1949). Han er frå Surnadal, som i sagaen blei til Sæterdalen, og difor snakkar mange surnadalsdialekt i bøkene hans. Han har også gjort mykje for film og skreiv i 1983 eit filmmanuskript som i staden blei til teikneserien Olsenbanden raner Hurtigruten.
Årnes gjekk frå lærar til forfattar i 1979 og bur no på Gran Canaria. Derifrå vann han i mai 2018 ein konkurranse om ein ny serie på Bladkompaniet, ein månad før Sigrid Lunde gav seg.
I august var Årnes atter i Surnadal på leit etter personar og historier, tysdag hadde forlaget manusseminar i Oslo med forfattarar frå inn- og utland, og snart er serietittelen klar.
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.
Neste veke: Paragrafar for diktekunst
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.