Foto: Samlaget
22
Fin som ein malmbil i måneskin
er du med mustasjebarten din.
23
Stemma di, stemma di, stemma di.
Om du las Bergverksnytt høgt
blei det poesi.
24
Du ler for å skape distanse.
Eg lærte knepet hos deg.
Du gav meg kokte torskehovud
perlevin og latterpreg.
25
Trees where you sit shall crowd into a shade.
At det er granskog der du bur er bra
for vår erotiske litteratur.
26
Eg ber breva frå deg med meg rundt i leiligheita.
Denne ukristelege kjærligheita.
27
Hadde eg mariareine hender
var mi nakenheit som ei nonnedrakt
da skulle du ha sett puling
rett ut sagt!
28
To the soft bed my body I dispose.
Eg er heller Sissel Verbal
enn Sissel Gal.
29
Og til slutt blir vår Lillegutt mann
til prinsessen av Engelland.
Ein gong menstruasjonen min uteblei
var eg sanneleg og handla babytøy.
SISSEL SOLBJØRG BJUGN

Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011) – unik poet, biletkunstnar, barnebokforfattar – har no fått det lyriske verket samla i Sjonglering og bjugnlering, redigert av Tor Eystein Øverås, med føreord Einar Økland. Seks diktsamlingar frå åra 1978–1999, staseleg lagde ut over 464 sider, står i strid med at denne avantgardisten knapt er nemnd i store verk over norsk poesi/ litteraturhistorie/ kvinnelitteratur/ norsk avantgarde. Øverås skriv ei biografisk skisse i Skrive, teikne, røre og slåst! som trykkjer andre tekstar av Bjugn i tillegg til intervjuutdrag. Sjeldan er ein oversett poet lansert med større tyngd enn i Øverås’ to band.
Som nyskapande kvinneleg poet er Sissel Bjugn vårt sterkaste namn etter Cecilie Løveid og Karin Moe. Eit omflakkande liv levde ho, med oppvekst rundt om på Austlandet, bustad i Sulis, der ho skreiv frå gruvene i 1980-åra, arbeid på filetfabrikken i Båtsfjord, snarvisitt i hovudstaden, der ho gjorde seg gjeldande i aviser og tidsskrift, busett dei siste 22 åra i Bodø.
Ho skreiv sterke erotiske dikt, var katolikk i 25 år, gjekk inn i offentleg sølibat etter publiseringa av «Heltinnetrinnet», melde overgang til statskyrkja då Rosemarie Køhn vart Nordens første kvinnelege biskop i 1993. Sorga hennar var at ho aldri fekk barn. I steden utfalda ho seg verbalt: «Eg er heller Sissel Barnlaus/ enn Sissel Språklaus.»
«Heltinnetrinnet» i 33 delar gjorde furore då det vart trykt på kronikkplass i Dagbladet i 1988, ikkje minst på grunn av likefram bruk av tabuord. I dagens utsnitt finst berre eitt.
Sissel Solbjørg Bjugn, venstreintellektuell og leiken, tradisjonsmedviten og overraskande – ho gjorde bilete til dikt blant anna i Den første avisa på Lofotveggen, som fekk debutantprisen 1978. Om eigen litteratur: «Eg vil inn ein stad mellom Dorothe Engelbretsdotter og Kate Bush.»
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.