JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sjølvskryt i marmor

Hilde Brendeford Andreassen har, som den første, omsett heile keisar Augustus’ sjølvbiografi til norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Restane av Augustus’ mausoleum i Roma, der dei originale bronsesøylene med sjølvbiografien stod.

Foto: Sjur Haga Bringeland

5096
20200131
5096
20200131

Litteratur

sjurhabring@gmail.com

Av dei mange handlekraftige menn i verdssoga er det få som har kunna byrja sjølvbiografien sin med ei slik setning: «Da jeg var 19 år gammel, samlet jeg en hær på eget initiativ og for private midler, og med den befridde jeg staten som var undertrykt av tyranniet til en fraksjon.» Men så står då Augustus òg i særstilling mellom dei store: Som (rettnok sjølvutnemnd) adoptivson til grandnevøen Julius Cæsar manøvrerte han seg fram til å bli Romarrikets eineherskar, og slik fekk han slutt på tiår med ufred i det som i 500 år hadde vore ein republikk.

Pax Romana, kalla den romerske historikaren og embetsmannen Plinius den yngre denne freden, som skulle vara i 200 år. Då Augustus døydde i 14 e.Kr., omfatta riket heile Middelhavet, det strekte seg frå Den engelske kanalen i nordvest til Raudehavet i søraust og kan ha omfatta opp mot 80 millionar menneske.

Mektig mausoleum

«Han overtok ein by av teglstein, men etterlét seg ein by av marmor», skreiv ein annan romersk historikar, Sueton. Grunnleggjaren av keisarriket – han heitte opphavleg Gaius Octavius; «Augustus» tyder «den opphøgde» – sytte for å setja monumentale spor etter seg, med praktbygg og idealiserte statuar av seg sjølv i hovudstaden og provinsbyane.

Eit av dei største byggverka finn me framleis på Marsmarka i Roma, ti minuttars gange nordover frå Pantheon: Augustus’ mausoleum, som var 44 meter høgt og hadde ein diameter på 87 meter. I dag er gravmælet ein teglsteinsruin, ribba for marmor og andre kostesame materialar – til dømes søylene av bronse framfor inngangen, der sjølvbiografien hans var rissa inn. Res Gestae Divi Augusti, heiter det på latin, verket som klassiskfilolog Hilde Brendeford Andreassen no har gjeve ut under tittelen Den guddommelege Augustus’ bragder.

Balansekunst

– Kva for eit verk er det du har omsett?

– Teksten er sett saman av ein prolog, 35 kapittel og ein epilog. Kapitla er skrivne i fyrsteperson av Augustus sjølv, medan føre- og etterordet må vera forfatta av andre, for dei er i tredjeperson og gjev opplysingar som tydeleg stammar frå tida etter at keisaren var død. Å sjangerfesta teksten er vanskeleg. For det fyrste var han i utgangspunktet berre eit vedlegg til Augustus’ testament, for det andre byggjer han ikkje på nokon klår modell. Vel finst der likskapar med andre gravskrifter i fyrsteperson i Roma, men dei er langt kortare.

– Og korleis vil du skildra innhaldet og stilen i teksten?

– Det er eit vellukka stykke propaganda. Augustus kamuflerer det tilnærma eineveldige monarkiet sitt som ei tilbakevending til den gode, gamle romerske republikken slik han eksisterte før borgarkrigane. Me får innblikk i Augustus’ politiske ideologi og storverka hans slik han sjølv ville at dei skulle bli sett. Han står fram som ein naudsynt frelsar av staten, ein mann som handla på vegner av det romerske riket og folket. Han fekk folket til å oppleva det som om han oppfylte krava deira, medan det i røynda var omvendt. Heile teksten er prega av denne balansekunsten. Gjennom retoriske verkemiddel og løyning av viktige opplysingar fremjar han si eiga sak.

Tilslørte borgarkrigar

– Kan du gje nokre døme på dette siste du nemner?

– Til dømes når Augustus førte krig mot den tidlegare allierte Sextus Pompeius om det vestlege Middelhavet. Dette skildrar han som ein krig mot piratar, sjølv om det i røynda var borgarkrig. Eller striden med ein annan tidlegare alliert, feltherren Marcus Antonius, han som blei kjærast med Kleopatra i Egypt. I senatet las Augustus opp det hemmelege testamentet til feltherren, som avslørte at han ynskte å bli jordfesta i Alexandria saman med elskarinna si. Dimed fekk Augustus det til å sjå ut som om Marcus Antonius var slaven til ei framand egyptisk dronning og slik eit trugsmål mot Roma. Felttoget hans mot Marcus Antonius, som enda med erobringa av Egypt og sjølvmordet til kjærasteparet, klarer han å legitimera som Romas krig mot ei framand dronning, sjølv om dette òg i røynda var borgarkrig.

Eineståande

– Bronsesøylene framfor Augustus’ mausoleum i Roma, der sjølvbiografien var rissa inn, er tapte. Korleis er så teksten overlevert?

– Me har tre kopiar av Den guddommelege Augustus’ bragder i Vesleasia, i provinsen Galatia, som Augustus la inn under riket. Den mest komplette versjonen, som er både på latin og gresk, finn me meisla inn på veggene i Roma og Augustus-tempelet i Ankyra (dagens Ankara i Tyrkia). Jamfør tittelen på sjølvbiografien blei Augustus heilaggjort etter at han var død. Det at tempelet blei ombygt til kyrkje på 500-talet og til moské på 1400-talet, verna inskripsjonane. Det var ein flamsk diplomat som oppdaga dei i 1555. Slik blei eit eineståande verk for studiet av antikke tekstar teke vare på fram til vår tid. Det er unikt av di det mest i heilskap er overlevert ubrigda sidan offentleggjeringa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den guddommelege Augustus’ bragder er eit vellukka stykke politisk propaganda.

Hilde Brendeford Andreassen, klassiskfilolog

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis