Marit Eikemo skriv med stor empati, slår Skram-juryen fast.
Foto: Agnete Brun
SKRAMPRISEN TIL EIKEMO
Denne veka fekk Marit Eikemo (46) Amalie Skram-prisen.
– Som Amalie Skram er Marit Eikemo ein sanningssøkjande forfattar. Som Skram er ho oppteken av kva som styrer dei vala menneska tek, kvifor me handlar som me gjer, kvifor me ikkje vel å handla annleis. Som Skram vil ho forstå, men ikkje stilla seg som dommar, for dei som verkeleg forstår, kan ikkje fordømma. Eikemo skriv med stor empati og audmjukskap, heiter det i grunngjevinga til juryen.
DE NIRO OM TRUMP
Robert De Niro er aktuell i HBO-filmen Wizard of lies og Martin Scorseses Netflix-film The Irishman, men skodespelaren har også teke på seg rolla som tilbakevendande Trump-kritikar.
– Dersom Trump hadde vore smart, hadde han vore endå farlegare enn han er no, uttalte han nyleg til nettstaden Deadline. Og han la til at Trump er farleg nok som han er, og omtalte presidenten som ein rasist. Men dette er berre eit framhald. De Niro har tidlegare kalla Trump både for ”eit svin og ein idiot”, og gjeve uttrykk for at han ville slå han i andletet, skriv Dagens Nyheter.
NETFLIX-FILM OM UTØYA
Den amerikanske strøymetenesta Netflix har sikra seg rettane til å produsera ein film om det som skjedde på Utøya og i regjeringskvartalet i Oslo i 2011. Det er regissøren Paul Greengrass som skal laga filmen, og det skal han gjera i samarbeid med Åsne Seierstad, som skreiv boka En av oss. Budsjettet til Netflix er på 20 millionar dollar, som tilsvarar om lag 160 millionar kroner. Filmopptaka byrjar i haust, og det vert hevda at lokale skodespelarar skal medverka.
FOGELSTRÖM I 100 ÅR
Denne veka har svenskane markert at den kjende forfattaren Per Anders Fogelström ville ha fylt hundre år. Han var også journalist og debattant, og levde og døydde på Södermalm i Stockholm. Her i landet er han kanskje mest kjend for Sommeren med Monica, som Ingmar Bergman laga film av. For berre 150 år sidan var Östra Söder den aller fattigaste og elendigaste utkanten. I dag er bydelen ein svært så triveleg stad. Her voks Fogelström opp, og han brukte nesten heile livet sitt til å skildra forvandlingsprosessen som bydelen gjennomgjekk. I Mina drömmers stad, som svensk fjernsyn synte denne veka, kjem den femten år gamle mylnardrengen Henning Nilsson vandrande over brua ein augustkveld i «dampens år» 1860.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.