Repins kjende målarstykke er delvis øydelagt.
Foto: Wikimedia Commons
St. Olav til Ottar Grepstad
På vegner av H.M. Kong Harald V dekorerte fylkesmann Lodve Solholm direktør Ottar Grepstad til ridder av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs Orden under ein seremoni i Aasentunet onsdag 6. juni. Ridderordenen har eksistert lenge i Noreg, han vart oppretta av Kongen i statsråd i 1847. Ordenen blir i dag tildelt «som belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten».
Grepstad får utnemninga for eineståande innsats for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur gjennom fleire tiår. «Du er ein hardtarbeidande mann og eit raust medmenneske som ser dei rundt deg», sa ein personleg Solholm under overrekkinga.
Ottar Grepstad (fødd i 1953) frå Jølster har vore direktør i Nynorsk kultursentrum frå 1999 og blir pensjonist til hausten. I 1999 fekk Ottar Grepstad Norsk språkpris frå Språkrådet.
13 historiske kulturbygg er freda
Riksantikvaren har freda 13 utvalde kulturanlegg i ulike delar av landet. Dei er alle ein del av den såkalla landverneplanen til Kulturdepartementet. Mellom bygningane som er freda, finn ein kunstnarbustader, som Bjørnstjerne Bjørnsons Aulestad, Sigrid Undsets Bjerkebæk og Henrik Wergelands Grotten. Uranienborg, heimen til nasjonalhelten Roald Amundsen, blir òg freda, fortel Riksantikvaren i ei pressemelding.
Ei rekkje museumsanlegg blir òg freda, som Austrått, Nasjonalmuseet for arkitektur og Nordnorsk kunstmuseum. Kringkastingshuset på Marienlyst, med Store Studio, og NRK Sápmi i Karasjok står òg på fredingslista. Dei delane av Erkebispegården i Trondheim som er frå mellomalderen, er freda frå før. No blir heile anlegget freda.
Åtak på kjent målarstykke
Eit av dei mest kjende målarstykka i russisk kunst er delvis øydelagt. Rett før stengjetid i Tretjakov-museet i Moskva gjekk ein full mann til åtak på målarstykket «Ivan IV den strenge med den døyande son sin» av Ilja Repin. Det skjedde fredag 25. mai. Han greip ei av metallstengene som skil kunstverket frå publikum, og bruka ho til å knuse glaset framfor biletet og skjera djupe hòl i sjølve biletet. Russiske medium seier at tryggingsvakter greip beinveges inn og la han i bakken. Mannen sjølv skuldar på vodkaen han drakk, for han får elles aldri slike anfall. Målarstykket frå 1885 har tidlegare vorte øydelagt av ein mann med kniv. Vi får vone dei lukkast med å reparere det denne gongen òg.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.