Hanna Geiran.
Foto: Siri Wolland / Riksantikvaren
Stor Per Kleiva-utstilling i Oslo
Fredag 2. november opnar utstillinga Kniv i vatn på Kunstnernes Hus i Oslo. Utstillinga av kunsten til Per Kleiva er den største i Oslo på over 30 år og inneheld verk som ikkje er viste sidan 1960- og 1970-åra.
– Med presist og poetisk formspråk, eksperimentell tilnærming og brennande politisk engasjement kan Kleiva sjåast på som ein avantgardepioner i Noreg, heiter det i presseskrivet.
Utstillinga som viser eit utval bilete på tvers av sjanger og tiår, har hovudvekt på måleri og skulptur, og blir ståande til 13. januar 2019.
Hanna Geiran er ny riksantikvar
Etter over 100 år har Noreg fått sin første kvinnelege riksantikvar. Førre fredag vart Hanne Geiran utnemnd til stillinga. Ho kjem frå stillinga som direktør for Direktoratet for kulturminneforvaltning.
– Med Hanna Geiran får Riksantikvaren ein direktør med solid leiarerfaring, sterk fagkompetanse og lang erfaring med arbeid med kulturminne, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ei pressemelding.
Hanna Geiran er utdanna sivilarkitekt og har vore tilsett hos Riksantikvaren sidan 2005.
– Eg gler meg til å ta til med arbeidet saman med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer. Eg ynskjer at kulturminne skal ta endå større plass i samfunnsdebatten. Kulturminnevern er ei folkerørsle som får fleire og fleire tilhengjarar, seier Hanna Geiran.
Kulturminnepris til Gamle Skudeneshavn
Riksantikvarens kulturminnepris 2018 går til Foreningen Gamle Skudeneshavn, som i 50 år har arbeidd for å ta vare på trehusmiljøet i Skudeneshavn i Rogaland. Gamle Skudeneshavn har 130 eldre trehus, som voks fram med sildefisket på 1800-talet, og er mellom dei trehusmiljøa som er best tekne vare på her i landet.
Foreininga har drive med opplysningsverksemd og motivasjonsarbeid sidan 1968, og det var foreininga sjølv som kom med framlegg om vern i 1976.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.