Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rekordmange kvinner vil bli politi.

Rekordmange kvinner vil bli politi.

Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix

Rekordmange kvinner vil bli politi.

Rekordmange kvinner vil bli politi.

Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix

1803
20180420
1803
20180420

Strøymer til lærarstudia

Tala for Samordordna opptak ligg føre. Høgskulen i Oslo og Akershus og melder at lærarutdanninga deira opplever ein sterk auke. 504 søkjarar har grunnskulelærarutdanning 1.–7. steg ved OsloMet som fyrsteval. Det er ein auke på 16 prosent frå fjoråret, på line med landsgjennomsnittet. Grunnskulelærarutdanningane 5.–10. steg har òg sterk auke.

Studieretning norsk auka med 37 prosent, matematikk med 27 prosent og engelsk med 4 prosent jamført med 2017. I snitt er dette ein sterkare auke enn nasjonalt. Frisk norsk ungdom ser òg mon i data. I år har 73 prosent fleire bachelor i informasjonsteknologi som fyrsteval jamført med fjoråret. 35 prosent fleire søkjarar har dataingeniørstudiet som fyrsteval, mens anvendt datateknologi har ein auke på 20 prosent.

Sist kan vi fortelja at det er søkjarrekord mellom unge kvinner som vil kjempe imot kriminalitet og syrgje for lov og orden i kongeriket. 4706 personar har søkt om opptak til Politihøgskolen. Det er ein mindre nedgang, med 168 færre søkjarar enn fjoråret. Men som sagt ikkje hjå kvinnene. Ifølgje Politihøgskolen er kvinneprosenten på 48 rekordhøg.

Universiteta jublar òg

Universitetet i Oslo melder òg om gode tal: Aldri før har så mange søkt seg dit. Nesten 20.000 søkjarar har Universitetet i Oslo som fyrsteval. Digital økonomi og leiing er for andre året på rad det mest populære teknologistudiet. På topp tronar profesjonsstudiet i psykologi med 17 fyrstevalsøkjarar per plass.

Det er grunn til å juble òg ved NTNU. 24.638 søkjarar har valt universitetet i trønderhovudstaden som fyrsteval. Det er ein auke på 7,2 prosent jamført med fjoråret. Der òg er det IT og lærarutdanning som tronar øvst på statistikken. 5458 søkjarar har Nord Universitet som fyrsteval, det er ein auke på 5 prosent.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis