Tenoren Bror Magnus Tødenes har imponert København nok ein gong.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Sunnmørsk suksess i København
Ein ung sunnmøring begeistrar København – nok ein gong. «Foran et Tivoli-orkester i skjorteærmer bekræftede nordmannen Bror Magnus Tødenes (25), at tenorer stadig kan begejstre med store følelser og høje toner», skriv Politiken, som omtalar han som «en helt forrygende tenor». Den danske avisa viser til at førre gong velta han Copenhagen Opera Festival, då han song og sigra med ein naturgjeven meisterklang og eit kunstnarleg fokus som har gjeve karrieren til nordmannen verdsvengjer og floge han til festspela i Salzburg og statsoperaen i Wien. Politiken slår fast at sjølv om Bror Magnus Tødenes frå Ulsteinvik enno er i gang med å perfeksjonera det uvanlege talentet sitt, har han alt nådd opp til tenortindane.
Større enn Netflix
Den kinesiske strøymetenesta IQiyi har fire gonger så mange brukarar som Netflix, melder Politiken. No kan ein for første gong strøyma eit av dei mest populære fjernsynsprogramma deira i Vesten.
IQiyi, som har hovudsete i Beijing, har vakse seg til å verta Kinas absolutt største strøymeteneste, med 420 millionar brukarar. Tenesta har så langt operert på den kinesiske og malayiske marknaden. For få år sidan spelte grunnleggjaren av firmaet, Yu Gong, ei statistrolle som drosjesjåfør i IQiyis første dramaproduksjon. I vår var selskapet New York-børsnotert, og no vert aksjen omtalt som «Wall Streets mest trendy kinesiske aksje».
Per Olov Enquist om sjukdomen
I eit intervju med svenske P1 Kultur fortel forfattaren og dramatikaren Per Olov Enquist om tilstanden etter slaget han fekk for to år sidan.
– Ein del av hjernekapasiteten forsvinn. Ein misser alle ord og namn. Ein misser verktøykista, seier Enquist.
– Eg har vore retteleg dårleg ei stund. Eg har mange kreftceller i magen, og eg er operert for propp som dei har fjerna. Eg har hjartefeil og er litt hås, som de høyrer, seier han i radiointervjuet.
Tomasz Stanko er død
Den verdskjende polske jazztrompetisten Tomasz Stanko (76) er død etter lang tid med sjukdom. Like sidan 60-talet har han vore eit av dei viktigaste namna innan avantgardejazzen. Stanko, som hadde Miles Davies og Chet Baker som førebilete, gav ut si første plate på det tyske plateselskapet ECM i 1975, og vart ei legende på begge sider av Atlanterhavet, hevdar plateselskapet. Dei siste åra har han budd på Manhattan og spelt mest i jazzklubbar i New York.
Sveltestreik i 80 dagar
Den ukrainske filmregissøren Oleg Sentsov (42) har sveltestreika i 80 dagar. Ifølgje Ap har Sentsovs advokat Dimitrij Dinze fortalt at Sentsov er bleik og sengeliggjande, og at han har vanskar med å røra seg. Han har sete i fengsel sidan 2014, då han vart arrestert og skulda for terror. Sentsov kom frå den russiskannekterte Krim-halvøya då han vart arrestert. Han vart dømd til 20 år i fengsel, og sonar i den nordlege delen av Russland. Human Rights Watch meiner det snakk om oppdikta skuldingar, men Sentsov har vegra seg for å søkja nåde hjå president Vladimir Putin.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.