Svein Tang Wa (1946–2021)
Foto: Wikipedia
Minneord
Laurdag 7. august fekk me den uventa og veldig triste meldinga om at den folkekjære trubaduren Svein Tang Wa var død, 75 år gamal. Han var ein elska multikunstnar som utfalda seg frodig både som tekstforfattar, som artist og som biletkunstnar gjennom femti år.
Svein Tang Wa synte tidleg kreative og kunstnariske anlegg, og han utdanna seg ved kunst- og handverksskulen i Bergen. Som biletkunstnar konsentrerte han seg først om teikning og grafiske arbeid, særleg med linosnitt. Desse arbeida hadde ofte eit underfundig og humoristisk tilsnitt, og Tang Wa nådde snart svært mange med sin kunst. Han orienterte seg vidare med arbeid i oljemaling og akryl, til han dei seinaste åra tok opp teiknekunsten gjennom arbeidskrevjande, detaljerte nonfigurative mønster. Han hadde fleire utstillingar i Rogaland og hausta strålende kritikkar.
Dei fleste kjenner likevel Svein Tang Wa best som den populære visesangaren med eigne frodige viser på dialekt. Han var en pioner i Rogaland ved å ta i bruk sitt eige språk i visekunsten, men òg ved å ta opp emne i songane sine som var uavhengige av lokale tilhøve. Humor og underfundige litterære ordspel, gjerne sprelske og surrealistiske, men likevel med klår attkjenning og underliggjande alvor, kjenneteiknar tekstuniverset hans.
Tang Wa vart døropnaren for ei markant bylgje av stavangerrock som kom med stor kraft inn i 1980-åra. Fleire andre artistar og grupper, med Stavangerensemblet i spissen, formidla med stor suksess songane til Tang Wa. Han fekk òg spelt inn fleire populære plater sjølv. Då «Hørr Gjøken» kom ut i 2007, skreiv Kjetil Wold i Stavanger Aftenblad: «Svein Tang Wa framstår som en blanding av vismann, menneskevenn og vidunderlig vimsemann. Tang Wa skriver om de små og nære tingene i livet som gjør oss mennesker glade, triste, sure og oppstemte og mye annet. Tekstene er varme og virkelighetsnære og noen ganger herlig surrealistiske. (...) Refleksjon og galskap balanseres hele tiden opp mot den typiske tangwaske humoren, rumlende kåtskap og livsoptimisme.»
Men bak humoren låg det og eit djupt alvor. Særleg i dei seinare år føretrekte Svein i større grad å framføra viser inspirert av eigen oppvekst og røyningar i livet. Då foreldra, Sigurd og Eli, fekk vesle Svein i 1946, hadde begge delteke i aktivt motstandsarbeid under okkupasjonen saman med kameratar i det radikale Hillevåg Arbeiderungdomslag. Men tyskarane slo hardt til. Sigurd overlevde så vidt eit langvarig opphald i tysk konsentrasjonsleir, og Eli sat på Grini til krigen var slutt. Oppveksten til Svein vart difor prega av foreldra og slektningane sine psykiske etterverknader etter harde slag under okkupasjonen. I fleire av tekstane sine har Svein på sin måte heidra mor og far med vemodsfylte gylne augneblink frå barndomen.
Svein var alltid en «folket sin mann» i den forstand at han rakk særs langt ut med visekunsten sin. Med like stor innleving framførte han visene sine på store scenar som i pensjonistforeiningar, på sjukeheimar, i kulturhus, i fagforeiningar, ved demonstrasjonar og ved gravferder. Med si rause framferd og sin gode vilje, med sine lune, underfundige viser og med si makelause formidlingsevne var Svein Tang Wa ein sanneleg elska trubadur. Lokalt vart han heidra med kulturprisar frå Stavanger kommune, Stavanger Aftenblad og Rogaland Mållag.
I høve Svein Tang Wa sine 75 år, vart det tatt initiativ til å heidra han med visebok, stor konsert, utstilling og film. Dette er planlagt gjennomført i desember. Me ville så gjerne at han skulle få oppleva denne storsatsinga til ære for han. Men no vil me samlast, minnast og gleda oss over alt det Svein Tang Wa har gjeve oss.
Gunnar Roaldkvam
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.