Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Svenske tilstandar

I ein alder av 68 år debuterer kollasjkunstnaren
Jan Stenmark som Dag og Tid-spaltist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

3150
20170623
3150
20170623

KUNST

peranders@dagogtid.no

Frå og med denne veka skal Dag og Tid publisere bilete av den svenske kollasjkunstnaren Jan Stenmark på tredje siste side. Stenmark har på eit vis hatt sin eigen sjanger sidan slutten av 1980-talet, da han byrja å kombinere gamle bilete frå reklame, vekeblad eller teikneseriar med korte tekstar som gjev ein absurd og ofte mørk vri på innhaldet i biletet. Han er i dag 68 år gammal, har gjeve ut 17 bøker med kollasjane sine og har hatt fast spalte i Aftonbladet i mange år. Dag og Tid ringde til Stenmark og bad han om å fortelje lesarane kva han er for slags type.

– Eg er ein type som jobbar veldig mykje. Eg har eit sterkt behov for å arbeide, seier Stenmark.

– Men om du berre får ein god idé, er du jo ferdig med ein ny kollasj?

– Som regel er det ikkje slik, ser du. Ein idé kan kome fort, men han må formulerast rett. Teksten og biletet må fungere saman, og det krev arbeid. Og eg kan bruke mykje tid på å leite i gamle utgåver av Fantomet eller Alt i hemmet for å finne det rette biletet til ein idé.

Perspektivendring

– Somme har kalla deg vitseteiknar. Men det kjennest ikkje heilt rett. Ein vits skal ha eit klart poeng.

– Ja, det er ikkje vitsar i den forstand. Men det eg lagar, skal gje ei overraskande endring av perspektivet for lesaren, og det er det som er poenget.

– Du har alltid leika med døden i bileta dine. Blir du meir eller mindre oppteken av døden etter kvart som tida går?

– Dødsangst har eg lidd av heile livet. Men det er kanskje slik at jo nærare eg kjem, jo mindre redd blir eg. Det var nok verst da eg var i 20-årsalderen. Da trur eg ikkje at eg hadde våga å spøkje med døden. Men det er eit emne eg har studert svært nøye for min eigen del.

Punktert idyll

Mykje av råstoffet til Stenmark er henta frå blad og aviser på 1950- og 60-talet, bilete som i dag utstrålar naiv optimisme.

– Du likar å rive sund idyllen i dei gamle bileta, men du gjer det med ein viss kjærleik?

– Utan kjærleik til stoffet trur eg ikkje at eg kunne ha halde på så lenge som eg har gjort. Eg vart fødd i 1949, så eg hadde barndomen og ungdomstida mi på 50- og 60-talet. Eg har ei varm kjensle for optimismen og framtidstrua i desse bileta, men samstundes likar eg å punktere idyllen. Elles blir det jo berre nostalgi.

– Da eg intervjua deg i Dag og Tid for 16 år sidan, nemnde du Salvador Dali, bandet The Kinks, Monty Python og den rumenske aforisten EM Cioran som inspirasjonskjelder. Har du fått nokon nye sidan sist?

– Nei, eg trur ikkje det har kome noko særleg nytt som har prega meg sidan 1990-talet. Av musikk var vel The Smiths på 1980-talet det siste nye som verkeleg greip meg. Men eg les jo framleis gode bøker, da. Knausgård-bøkene var ei stor oppleving. Og eg trur eg har lese alt av Tarjei Vesaas. Det er ein fantastisk forfattar. Det er ingen som skriv heilt slik han gjer, seier Jan Stenmark.

Den nye spalta til Jan Stenmark finn du på side 38 i denne avisa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Utan kjærleik til stoffet trur

eg ikkje at eg kunne ha halde

på så lenge som eg har gjort.

Jan Stenmark

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis