JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

«Sverre ante ikkje noko om gifteplanane, og har ikkje høyrt ifrå Aina og Torstein på mange år. Han trudde eigentleg at dei var gifte for lenge sidan.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3264
20240809
3264
20240809

Bryllaup (1)

Sverre Kvinen står føre spegelen i gangen og ser at buksa og dressjakka sit som eit skot. Skoa, derimot, er akkurat litt for store. Solane han ein gong laga av ein tepperest, har forsvunne. I innerlomma på jakka ligg heftet frå gravferda til onkel Karsten. Utruleg at dei ikkje fann eit betre bilete. Han får seg ikkje til å kaste det og legg heftet i skuffa under spegelen.

Sverre ante ikkje noko om gifteplanane, og har ikkje høyrt ifrå Aina og Torstein på mange år. Han trudde eigentleg at dei var gifte for lenge sidan.

Men så kom invitasjonen. Sverre blir sjeldan invitert i noko som helst og er stort sett glad til. Det er sikkert fleire årsaker, som regel viser han manglande interesse og takkar nei i siste liten, eller lèt rett og slett vere å dukke opp utan å seie ifrå. Det var uventa at dei ville at han skulle komme, men det var stas òg, Sverre var liksom ein av dei utvalde. Han las invitasjonen nøye fleire gonger og tenkte fyrst som han alltid gjer: Det blir for mykje styr, eg orkar ikkje. Bryllaup i Sauda? Det tek jo ein halv dag å køyre, minst. Kvifor flytta dei eigentleg dit?

Oppveksten til Sverre hadde ikkje vore rare greiene utan onkel Karsten, det er vanskeleg å forstå at han aldri meir skal komme umeld og gå rundt i hagen og sjekke korleis det står til med frukttre og blomar. Det er noko drit.

Sverre drygde lenge og svara ikkje før same dag som fristen gjekk ut. Eg kjem, skreiv han i ein SMS til telefonnummeret som stod på invitasjonen. Han fekk tommel opp i retur, sletta SMS-en og la telefonen tilbake i den litle, svarte posen.

Ein kunne gå inn på ei nettside og sjå kva brudeparet ynskte seg. Sverre noterte eit par av tinga nedst på lista som ikkje var så dyre. Men det beste hadde vore å finne på noko heilt anna som dei ikkje tenkte at dei skulle få. Kva kunne passe til Torstein og Aina? Var ikkje Torstein blitt ein slik friluftstype? Men han kom ikkje på noko.

Bryllaupet skulle haldast i august og plutseleg er det ikkje mange dagane att. Sverre har enno ikkje kjøpt presang og tek turen til ein lokal altmoglegbutikk og spør om det ligg liste der frå brudeparet. Men det gjer det ikkje.

– Nei vel, seier Sverre. Sånn var det alltid før.

Dei veit ikkje eingong kven Aina og Torstein er. Sverre hissar seg opp, og seier at det må dei då vite. Torstein er jo sonen til Sveinung som driv trelasten og har gjort det i alle år. Han i kassen hevar berre augnebryna. Eg får kjøpe på vegen, tenkjer Sverre. Det tek fem timar å køyre til Sauda, så det dukkar vel opp ein idé.

På bryllaupsdagen ringjer vekkjarklokka halv seks, Sverre er nøydd til å ha god tid. Det kan vere mykje bubilar på vegane, og han vil ikkje risikere å komme for seint til vigselen klokka to. Sverre vil komme slik at det ser ut som om han kjem akkurat samtidig som dei aller fleste andre. Men det er ikkje noko poeng i å vere for tidleg. Uansett er det krise å komme halsande når alle andre sit klare i kyrkja og bruda står og ventar i gangen. Då er det umogleg å snike seg inn utan at folk snur seg og trur at no skjer det, men så er det berre Sverre Kvinen.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis