Holberg overraskar ikkje i dag, men han får oss framleis til å le.
Eirik del Barco Soleglad som Jeppe i ein fiks og elegant versjon av komedien til Ludvig Holberg på Den Nationale Scene i Bergen.
Foto: Odd Mehus
Teater
Den Nationale Scene:
Jeppe på Bjerget
av Ludvig Holberg
Regi og scenografi: Frede Gulbrandsen
Jeppe på Bjerget – den garantert mest spelte komedien i skandinavisk dramatikk – ser aldri ut til å spele seg ferdig. Det er no 295 år sidan urpremieren i København. Og sjølv om vi nordmenn, og særleg bergensarane, gjer alt vi kan for å halde på Holberg som nordmann og stykka hans som norske, er det ingen tvil om at Jeppe er ein pære dansk bonde frå det aller flataste Jylland. Han hamnar mellom anna i senga til baronen, og baronar har vi aldri hatt mykje av her i landet. Men jammen vil vi ha våre norske Jeppe-figurar på teateret, no som før. Vi vert liksom aldri trøytte av han. Og særleg i Holbergs fødeby Bergen lyt han finnast att på nytt. Så òg no, i ein visuelt fiks og elegant versjon, med notidige revyvitsar knadde inn i den klassiske teksten. Og ikkje minst, med ein publikumsyndling i tittelrolla, Eirik del Barco Soleglad.
Humor
Vi er etter kvart vane med at klassikarane ikkje lenger kan spelast alt for pietetsfullt etter boka. Ingen ting er jo verre enn å verke gamalmodig. Dei heftige aktualiseringane av velprøvde teaterstykke kan ofte verke litt krampaktige. Såleis kjem ikkje stykka til Shakespeare og Ibsen alltid like lukkeleg frå nytolkingane. Lettare er det då å svelgje når det gjeld komediar. For å le som publikummar er ein mest nøydt til å ha noko nært og kjensleg å henge humoren på.
Men kor lettvint, eller kor alvorleg, skal vi eigentleg lese klassikaren Jeppe på Bjerget i dag? Ein kan visst godt hente ut ein menneskeleg tragedie i historia om den fattige bonden som på grunn av alkoholproblem vert hersa med og låtteleggjord av dei rike og velfødde. Men vi kan like gjerne sjå på historia som ein reaksjonær komedie om kor viktig det er å halde på skiljet mellom dei rike og pene mot dei fattige og stygge. Gjev ein pengar og makt til «enkle» menneske, vert dei fort vonde og vulgære.
Det spørst om ein ikkje berre skal ta innhaldet konkret og bokstaveleg: Når ølet renn inn, renn vitet ut. Nett det er det aldri feil å påpeike, og nett det må det òg vere lov å le av, i dag som i 1722.
Verkar tvunge
Vi har nok sett Jeppe-figurar med beiskare bismak enn Eirik del Barco Soleglad, men kva så? I komediens teikn er denne Jeppe eit oppkome av energi og fantasi, og djupt fascinerande er det korleis han avslører alle fasar av alkoholpåverknad. Eit ekstra løft er det òg at han og Nille (Reny Gaassand Folgerø) er eit framleis ungt ektepar med små born. Det gjer ekteskapskonflikten blodfull og truverdig. Vi ser ei Nille som er frustrert og rasande som alltid, men som samstundes gjev rolla eit komisk «kick». Baronessa (Wenche Kvamme), som opphavleg er ein baron, sjølvsagt, og hoffet hennar følgjer kjapt og poengtert opp stilen framsyninga er lagd i, likeins Jakob skomakar, spela av Jon Ketil Johnsen. Men det er samstundes alle desse bipersonane som mest får servere songstubbar og hint til dagsaktuelle fakta. Dette verker ofte tvunge, diverre.
Scenografien, med ein slags catwalk av eit plankegolv og ytst enkle detaljar, gjev ein forfriskande eim av gjøglartrupp på vegen. Direkte fornya kan ein ikkje seie Holberg er vorten, ikkje denne gongen heller. Men han er framleis ein god grunndeig å bake av.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi har nok sette Jeppe-figurar med beiskare bismak enn Eirik del Barco Soleglad.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.