Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Teikning av Paleet i Fred Olsens gate 6 i Oslo, utført av Harald Torbjørn Sund. Datert 1939.

Teikning av Paleet i Fred Olsens gate 6 i Oslo, utført av Harald Torbjørn Sund. Datert 1939

2912
20171229
2912
20171229

Teikningar av historiske bygningar

Riksantikvaren og Fortidsminneforeningen sit på eit stort biletmateriale av oppmålingsteikningar og originale arkitektteikningar av historiske bygg frå 1820–2007. Tekniske teikningar av liten historisk interesse, tenkjer du kanskje. Men meir feil kan du ikkje ta. Her er vakre akvarellar utførte av kjende arkitektar som Peter Blix, Heinrich Ernst Schirmer, Iohan Meyer og Henrik Bull. Dette arkivet vart i 2014 teke opp i den norske delen av UNESCOs Memory of the Word-register. No er eit utval av teikningane lagde ut på nettet, på Riksantikvarens opne biletregister.

Tre Bremnes på ein gong

Syskentrioen Kari, Lars og Ola Bremnes gav ut albumet Soløye i 2000 og fekk Spellemannprisen same året. Dei siste 17 åra har dei tre gitt ut album på kvar sine kantar i ulike kunstnarlege retningar. Kari Bremnes har dessutan gjort det stort i Tyskland.

På Festspela i Nord-Noreg neste sommar blir dei tre foreina på nytt. Då skal dei komponere bestillingsverket Eternitt. Produksjonen blir såleis den første dei gjer saman på 18 år, når festspela går i gang i juni. Ifølge heimesida til festspela skal dei tre synge om gåter, måneskin, nordavind og mannskit. Konserten kjem til å innehalde både nye og velkjende låtar.

Slår eit slag for kontrabassen

Norsk Kontrabassklubb vart stifta hausten 2017 for å auke interessa rundt det klassiske instrumentet. For sjølv om kontrabassen har vore i bruk sidan 1600-talet, og er ein basis i orkesteret, er det mange kulturskular og orkester som rett og slett framfører musikk utan. Årsaka er at interessa for instrumentet er laber. Norsk Kontrabassklubb skal difor byggje nettverk, gi elevar sjansen til å møte lærarar på høgt nivå og vere ein møtestad der kontrabasslærarar kan utveksle erfaringar og etablere samarbeidsprosjekt, skriv fagbladet Musikkultur.

#MeToo og Svenska Akademien

#MeToo-kampanjen har sveipa som ein stormkast gjennom svensk kultur. Det har gått hardast ut over kulturprofilen Jean-Claude Arnault, den franske teaterinstruktøren som er gift med diktaren Katarina Frostenson, medlem av Svenska Akademien. Skuldingar mot Arnault handlar ikkje berre om seksuell trakassering, han skal òg ha leke informasjon om nobelprisvinnarar i litteratur før offentleggjeringa. No har Arnault og Frostenson rømt frå Sverige. «Vad tror ni om mig? Varför skulle jag göra så för? Det låter ju helt sinnesrubbat!», er Arnaults kommentar til det heile, ifylgje Stig Larsson.

Ungdomsroman på samisk

Saia Stueng, ein ung nordsamisk forfattardebutant frå Karasjok, er aktuell med ungdomsromanen Hamburgerprinseassa. Romanen handlar om Maren som er 17 år, og som bur med mor si i ein kommunal bustad. Maren prøver å halde ut skulekvardagen, ho slit med mobbing og eteforstyrring. Boka har fått merksemd for eit modig språk. Til NRK Sapmi fortel Stueng at ho ville skildre det vågale ungdomsspråket som er utbreitt i samisk.

Elise Løvereide

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis