Theodor Kittelsen – Kva ville han med livet?
Theodor Severin Kittelsen (1857–1914).
Foto: NTB scanpix
Illustratøren
I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største.

Theodor Severin Kittelsen (1857–1914) er ein av dei få biletkunstnarane i «gullaldergenerasjonen» rundt 1900 som framleis er allment kjend og populær. Han ætta frå Telemark og Risør, var fødd inn i småborgarskapen i Kragerø og fekk med hjelp frå samfunnsengasjerte og rike borgarar i Arendal utdanning som biletkunstnar i Kristiania og ved Akademiet i München. Han var studiekamerat med Harriet Backer, Kitty Kielland, Aasta Nørregaard, Eilif Peterssen, Christian Skredsvig og Erik Werenskiold. Kittelsen hadde stipendopphald i Paris. Som vaksen budde og arbeidde han på Skomvær i Lofoten, på Skåtøy ved Kragerø, i Hvitsten ved Oslofjorden, i Eggedal og – lengst – i Sigdal der kunstnarheimen i dag er museum. På grunn av sjukdom flytte han med familien til Vestre Aker og sidan til Jæløya ved Moss der han døydde, berre 56 år gammal.
Dei viktigaste verka hans?
Dei best kjende i dag er illustrasjonane til tre bind av Asbjørnsens barneeventyr som han i 1880-åra utførte i samarbeid med Werenskiold. I åra etter 1905 illustrerte Kittelsen åleine fleire eventyrsamlingar som kom ut på forlaga Aschehoug og Gyldendal. Desse illustrasjonane er viktige fordi dei skapte visuelle framsyningar om eventyruniversa som framleis er dominerande.
Dei beste verka hans?
Seriane med teikningar og akvarellar som Kittelsen kalla «Troldskab», «Jomfruland», «Svartedauden» og «Lofoten» I og II, er det beste han har gjort. Kittelsen var medlem av Den Norske Forfatterforening og skreiv tekstar til desse seriane. Bortsett frå «Jomfruland» kom dei ut som gjennomillustrerte bøker og representerer noko av det fremste i norsk bok- og papirkunst.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Kittelsens verknad på ettertidas teikne- og illustrasjonskunst er vanskeleg å overvurdera. Eventyrteikningane hans er ikoniske. Kittelsens troll og hans «Pesta» pregar tanken vår om troll, om svartedauden og anna redsle. Saman med Oskeladden som ser gullslottet i det fjerne, er dei framleis flittig brukte i reklame, som inspirasjon for teikneseriar, for politisk kommentarkunst, eller til oppmodingar om å ta influensavaksine.
Var han lykkeleg?
Han var euforisk lykkeleg i ekteskapet og familien sin. Han fekk mange gode og hjelpsame vener. Men han blei angstriden av økonomiske vanskar og djupt ulykkeleg og sliten av at ein kunstnar i Noreg ikkje fekk ein levestandard på høgd med det borgarskapet han meinte å høyra til.
Var han eit godt menneske?
Mot dei han var glad i, var han eit godt menneske. Han elska kona Inga og dei ni barna. Kittelsen hadde i ungdommen lett for å få vener, og venene var trufaste og hjelpte han gjennom mange knipetak. Han var festleg i samvær, men kunne også lata det eruptive raseriet sitt gå ut over sjølv dei mest hjelpsame menneska rundt seg.
Kven meinte han om samtida?
Kittelsens meiningar om samtida var prega av det han såg som sine usle kunstnarkår. Heile livet var Kittelsen sterkt kritisk til norsk kulturpolitikk. Han sakna kulturmedvit i samfunnstoppen og etterlyste gong på gong ein kunstpolitikk som kunne gjera det leveleg å vera kunstnar i Noreg. Han deltok i kunstnarstreiken i 1882 som velta om på norsk kunstsystem og resulterte i den kunstnarjuryerte Høstutstillingen.
Trudde han på Gud?
Livssynet til Kittelsen er ikkje enkelt å bli klok på. Etter bryllaupet med Inga i 1889 gjekk han ikkje i kyrkja. Under barnas dåp og konfirmasjonar sat han utanfor kyrkjedøra og venta. Presten som kom til dødsleiet, blei send heim med orda: «Det er høyt under taket i den kirken jeg har bygget i mitt liv.» I sine siste år arbeidde han på ei altertavle, men nissar, troll, skrømt og anna som vi kallar overnaturleg, ser ut til å ha vore sterkare realitetar for han enn nokon av skikkelsane frå Bibelen.
Kva ville han med livet?
Av norsk naturreligion og folketru, av norske landskap og historie, hadde han som livsmål å skapa ein særnorsk biletkunst. I dette lukkast han. Få har som han prega det indre bildet vårt av landet og tradisjonskulturen. Mange av dei samtidige er gløymde, men Kittelsens verk lever framleis i oss.
Arnhild Skre
Arnhild Skre er forfattar og historikar. I 2015 gav ho ut biografien Th. Kittelsen. Askeladd og troll.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.