Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Tukling med tekstar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forlaget Gyldendal seier det er uaktuelt å følgje etter det britiske forlaget som endrar språket i bøkene til Roald Dahl.

Foto: Hanna Johre / NTB

3824
20230303
3824
20230303

Kommentar

kapollestad@gmail.com

Det er ein innarbeidd uskikk å tukla med litterære tekstar. I moderne bibelomsetjing er det nærast vorte ein tradisjon. Når Paulus i Apostelgjerningane opnar talane sine med andres – «menn» på gresk – er tiltalen «kansellert» i Bibelselskapet si omsetjing. Også salmeskatten er tilgrisa av komitépoesi, til dømes Luther-salmen med verselina som var så folkekjær under krigen: «Og tok de enn vårt liv,/ gods, ære, barn og viv» vart til «Og om vårt liv de tar,/ og røver alt vi har». Tysk 1500-tal måtte av kjønnspolitiske grunnar diktast om til norsk 1970-tal.

Også brørne Grimm vart offer for spesialpedagogisk snusfornuft: Raudhette og bestemora kunne ikkje lenger verta slukte av ulven; dei fekk berre lov til å gøyma seg i kjellaren. Etter kvart måtte far til Pippi Langstrømpe gå av som «negerkonge», og ei vise av Thorbjørn Egner vart reinsa for «hottentottar». Men alt dette var berre som eit svakt preludium til den såkalla «kanselleringskulturen» me opplever no.

Det nye ordet er «sensitivitetslesarar». Dei tok nyleg føre seg bøkene til Roald Dahl, og etter å ha sett nærare på innsatsen deira, fell det naturleg å karakterisera dei som sure gamle hurper – i samklang med språket hjå den forfattaren dei har sensurert. Kor grotesk det heile er, kan berre klårgjerast med døme.

Nokre ord og setningar er rett og slett strokne: «Umåteleg tjukk.» «Det var noko usømeleg med ei skalla kvinne.» «Han bruka å vera tjukk, men no er han tynn som eit strå.»

Så kjem «rettingane», med den nye sensitivitetsversjonen i parentes (døma er henta frå artikkelen «Fordømmer endringar i Roald Dahl sine barnebøker» på Nrk.no): «Han» (dei). «Desse kvinnene» (dei). «Far og mor» (foreldre). «Damer og herrar» (folkens). «Tre fulle menn» (tre fulle folk). «Små gutar og jenter» (born). «Ein liten mann» (ein liten person). «Vond kvinne» (vond person). «Heltinne» (helt). «Kammerjente» (reinhaldar). «Sultanen» (ordføraren) – denne tykkjer eg tek prisen! «Enormt tjukk» (enorm). «Stygg og ekkel» (ekkel).

Er det noko framsteg å gjera H.C. Andersens stygge andunge til «den ekle andungen»? «Han er ein dverg» (han er liten). «Gamal kjerring» (gamal kråke). «Dårande kjolar» (nydelege kjolar). «Stygg gamal ku» (fæl gamal spissmus). «Din idiot» (din klovn). «Vert kvit» (vert ganske bleik). «Eit nydeleg bleikt, ovalt Madonna-andlet» (eit nydeleg ovalt andlet). «Mørkt» (mystisk). «Det var noko svart» (det var noko mørkt).

Heile setningar er skrivne om utan at me skjønar den ideologiske grunngjevinga (bortsett frå mannehatet): «Ho reiste på gamaldagse seglskuter med Joseph Conrad» (ho reiste til nittenhundretalseigedomar med Jane Austen) – eit poeng er nok her å nemna ei forfattarinne i staden for ein forfattar, men kva er krenkande med seglskuter?

Endå meir uskjøneleg er denne: «Til India med Rudyard Kipling» (til California med John Steinbeck) – kan grunnen vera at India var ein koloni, og at Kipling var populær blant gutar? «Du kan ikkje gå rundt og dra kvar dame du møter i håret, sjølv om ho går med hanskar. Prøv berre, og sjå kva som hender.» (I tillegg er det mange andre grunnar til at kvinner går med parykk, og det er absolutt ingenting gale med det.) Og den mest absurde til slutt: «Dei går framleis med same klede som i jungelen. Dei insisterer på det» (Dei likar vitsar).

Gyldendal signaliserte fyrst at dei ville gjera same brigda i dei norske utgåvene, men dagen etter var forlaget kome til sans og samling og sa det motsette. Det er å vona at forfattarane vil gå til samla protest mot denne tuklinga med tekstane. Me lyt få ein ekstra klausul i kontraktane – med tilbakeverkande kraft – som sikrar oss mot «sensitivitetsdiktaturet».

Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk pater i unåde og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis