Gamle svarte kasseomnar duger enno.
Foto: Sintef
Vedomnar betre enn ryktet sitt
Ein svart, traust kasseomn er ikkje nett det ein set opp i eit nybygg. Ikkje ser han bra ut, og når det gjeld miljøkrav, er vel moderne omnar eller varmepumper ei betre investering. Men dei gamle vedomnane er betre enn ryktet sitt. Det kjem fram av ei undersøking utført av Sintef som Riksantikvaren har tinga.
Forskarane har kika på antikvariske omnar – det er omnar eldre enn 1940. Omnstypane det gjeld, er kasseomn, bjørneomn, sylinderomn og etasjeomn. Undersøkinga viser at gamle omnar slepper ut om lag like mykje svevestøv som nye omnar. Verknadsgraden er altså på line med nye omnar. Fyrer vi riktig, blir det minst utslepp. Vi kan altså trygt satse på antikvariske omnstypar. Dei vil òg kunne bli godkjende etter dagens krav dersom det blir gjort visse fysiske endringar på dei.
Donald Trump gratulerer
Serien Roseanne gjorde suksess på amerikansk fjernsyn, og i andre land med, frå 1988 til 1997. Serien handlar om ein familie som har si fulle hyre med det som er typisk for mange familiar: tenåringar med hormon som går amok, svigerforeldre og så bortetter. No har serien starta opp att. Fyrste nye episode gjekk på amerikansk TV 27. mars.
Tema i serien som arbeidsløyse og pengevanskar talar direkte til den amerikanske underklassen. Men òg til mannen på toppen. Kring 18 millionar amerikanarar såg fyrste episode, mellom dei Donald Trump. Han ringde og gratulerte hovudrolleinnehavaren, Roseanne Barr. Det er ikkje tilfeldig. For å verke truverdig i rolla som amerikansk underklassekvinne spelar Barr ein Trump-tilhengjar, og i eit intervju med People Magazine fortel ho at ho òg røystar på Trump i det verkelege livet.
Fleire born med mobil
Stendig fleire yngre born får mobiltelefon. Det viser nye tal frå Medietilsynet. 87 prosent av 9–11-åringar har eigen smarttelefon, mot 67 prosent i 2014. Nesten halvparten av 9–18-åringar brukar telefonen to timar eller meir kvar dag.
«Vi ser at stadig flere barn har egen smarttelefon, og telefonen brukes mye. Ifølge born og medium-undersøkinga 2018 opplever mange unge selv at mobilen tar for mye tid», seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Frå 2014 til 2018 har talet på 9–11 åringar som har eigen smarttelefon, auka monaleg, frå 67 prosent til 87 prosent. I aldersgruppa 12–14 år er det òg ein auke, frå 90 prosent i 2014 til 97 prosent i 2018. Alle gutar og jenter i 15–16-årsalderen har eigen smarttelefon, ifylgje born og medium-undersøkinga 2018. 45 prosent av 9–18-åringar meiner sjølve at dei brukar for mykje tid på mobilen, på sosiale medium og på nettet generelt. Det er ein auke sidan tilsvarande undersøking blei gjord i 2016.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.