Sumaya Jirde Ali får Ytringsfridomsprisen 2018.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Verdspremiere på stumframsyning
Fredag 29. mars er det premiere på stumteaterframsyninga The Mute, framført av Stavanger Symfoniorkester og Janove Ottesen i Stavanger Konserthus. The Mute er ei historie fortalt utan replikkar og ord, men med levande musikk og animasjon. Ottesen har komponert det symfoniske verket, medan skodespelar og manusforfattar Christian Eriksen står for manus og spelar den mannlege hovudrolla i stykket. Musikken er arrangert av Gisle Kverndokk.
Stumframsyninga har alt gjeve salsrekord for Stavanger Symfoniorkester, ifølgje Stavanger Aftenblad.
Premieren vart utseld like etter at stykket vart lansert. The Mute skal spelast i alt sju gonger frå 29. mars til 6. april.
Ny forlagssjef i Aschehoug
Nora Campbell er tilsett som forlagssjef i Aschehoug Skjønnlitteratur og startar i stillinga i august.
Campbell er i dag redaktør for norsk skjønnlitteratur i same forlag og har vore redaktør for mellom anna Jo Nesbø og Maja Lunde.
– Nora er utan tvil eit av dei største forleggjartalenta vi har i Noreg, seier Mads Nygaard, forleggjar og konsernsjef i Aschehoug ifølgje nettsida Bok365.
Campbell er utdanna ved Universitetet i Oslo og har ein mastergrad i litteraturformidling.
Ytringsfridomspris til Ali
Den norsk-somaliske forfattaren og spaltisten Sumaya Jirde Ali er tildelt Ytringsfridomsprisen for 2018 av Den norske Forfatterforening. Ali skriv for Morgenbladet og Klassekampen og har gjeve ut dei to skjønnlitterære bøkene Kvinner som hater menn (2017) og Melanin hvitere enn blekemiddel (2018).
Ali vart fødd i Somalia i 1997 og kom til Noreg i 2005. Ho har dei siste åra vorte utsett for mykje netthets i samband med deltakinga si i samfunnsdebatten. Forfattarforeininga grunngjev prisen med at ho syner mot og styrke nok til å ikkje gje seg, og at ho nektar å kapitulere for dumskapen og råskapen. Ytringsfridomsprisen vart oppretta i 1993 og skal gå til ein norsk eller utanlandsk forfattar som har utmerkt seg i arbeidet for ytringsfridom og toleranse.
Mercury-film sensurert i Kina
Den kinesiske versjonen av den Oscar-vinnande filmen Bohemian Rapsody er utsett for sensur, melder CNN. Delen av filmen der Queen-songaren Freddie Mercury fortel kona at han likar menn, er fjerna frå filmen, det same gjeld bruken av ordet gay og ei scene der to menn kyssar. Til saman er to minutt av handlinga fjerna for det kinesiske publikummet, som følgje av at Kina i 2016 forbaud skildringar av «unormal seksuell oppførsel», inkludert homofile og lesbiske forhold i TV- og online-program.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.