Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix
Døden forteller om sin plan
med byen Venedig
Hvis du vil møte meg, så reis til Venedig.
Jeg staker den svarte gondolen som alltid er ledig.
Jeg vandrer usynlig over trapper og bruer
bak engelske misser og danske grossererfruer.
Dypt under Dogepalasser og luksushoteller
hender det hele tiden noe annet.
Gjennom århundreder av stjernekvelder
kysser jeg stille pillarene i vannet.
Tyst og tålmodig venter jeg på min time:
Engang, engang vil tusen kurrende duer
kretse med hjemløse vingeslag over havet
og vente forgjeves at klokkene skal kime
fra katedralenes sunkne, skimrende buer,
der byen med Markusplasssen ligger begravet.

Vi er framleis i varmesommaren 2018. Kan han læra oss at klimakrisa ikkje er noko som kjem, men noko vi er midt oppi? Vi må få ned flytrafikken. Vi kan ikkje halda fram med å utvida på Gardermoen som om ingenting har hendt. Vi må satsa på togtrafikk. Fornyinga kan ikkje utsetjast i årevis. Om all is i Antarktis smeltar, kjem verdshava til å stiga 60 meter. Dette burde statsministeren vår vita.
«Døden forteller om sin plan med byen Venedig» er den einaste sonetten Inger Hagerup har trykt i dei ni diktsamlingane sine. (Det finst ein sonett til, tileigna Cora Sandels Alberte-figur, trykt i tidsskriftet Kvinnen og tiden, men den dukkar opp først i Hagerups Samlede dikt frå 1976.)
Inger Hagerup (1905–1985) markerte seg politisk i dikta sine gjennom heile livet. Innanriks under krigen: «De brente våre gårder./ De drepte våre menn./ La våre hjerter hamre/ det om og om igjen». Utanriks etter krigen: «Fulle er Spanias fengsler i dag./ Vi kan ikke se våre kameraters/ herjete ansiktsdrag./ De hvitner i mørket, der Franco har gjemt dem./ Og vi – har vi allerede glemt dem?»
I Venedig-diktet er det døden som fører ordet. Vi veit at Venezia i dag har 270.000 innbyggjarar og ligg 2 meter over havet – byen som er 1600 år gamal. Kor mykje eldre kan han verta? At havet skulle stiga, tenkte ein ikkje mykje på i 1955, då teksten vart skriven.
I diktet kysser døden «stille pillarene i vannet». I dag veit vi at det truleg vert global oppvarming som gjer arbeidet til døden i Venezia, ved at havet vil stiga. Diktet peikar rett, sjølv om det vert på andre premissar.
Kva var det han sa, Wergeland? At poeten skal vera «et foranskutt lyn». Som Hagerup her, for 63 år sidan.
Jan Erik Vold
Inger Hagerup
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.