JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Vil ikkje lenger likne på Netflix

Da strøymeselskapet Netflix offentleggjorde tala sine for første kvartal sist veke, var det eit stort hakeslepp for mediebransjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1588
20220429
1588
20220429

Media

peranders@dagogtid.no

Netflix fekk uhorveleg mange nye kundar under pandemien, men no strøymer mange av dei vekk att: For første gong fall talet på kundar frå eitt kvartal til det neste. Sidan årsskiftet er nedgangen på 200.000 abonnentar, dels fordi Netflix trekte seg ut av Russland. Aksjekursen har rasa etterpå, og verdien av selskapet er halvert sidan årsskiftet.

No fryktar det svenske selskapet Spotify, som strøymer musikk og anna lydinnhald, at mistilliten til Netflix skal smitte, skriv Financial Times.

Det er nye tonar. Lenge tykte leiinga i Spotify at det var stas å bli samanlikna med framgangsrike Netflix. Spotify hyra inn den tidlegare finansdirektøren til Netflix, Barry McCarthy, da selskapet skulle børsnoterast, og han har sjølv ofte samanlikna dei to selskapa. Spotify minte han om dei ti første åra i Netflix, har McCarthy sagt.

No seier derimot Spotify-grunnleggjar Daniel Ek at dei to selskapa er totalt ulike. Spotify og Netflix er båe medieselskap som tener dei fleste pengane sine gjennom abonnement, men der stoggar likskapen, meiner Ek.

Han har gode grunnar for å seie det, for aksjekursen til Spotify rasa med 20 prosent da dei dårlege nyhenda frå Netflix kom. Investorane meiner tydelegvis at dei to selskapa faktisk er ganske like. Dei er til og med ganske jamstore i talet på kundar: Spotify har 182 millionar betalande brukarar, medan Netflix har 222 millionar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Media

peranders@dagogtid.no

Netflix fekk uhorveleg mange nye kundar under pandemien, men no strøymer mange av dei vekk att: For første gong fall talet på kundar frå eitt kvartal til det neste. Sidan årsskiftet er nedgangen på 200.000 abonnentar, dels fordi Netflix trekte seg ut av Russland. Aksjekursen har rasa etterpå, og verdien av selskapet er halvert sidan årsskiftet.

No fryktar det svenske selskapet Spotify, som strøymer musikk og anna lydinnhald, at mistilliten til Netflix skal smitte, skriv Financial Times.

Det er nye tonar. Lenge tykte leiinga i Spotify at det var stas å bli samanlikna med framgangsrike Netflix. Spotify hyra inn den tidlegare finansdirektøren til Netflix, Barry McCarthy, da selskapet skulle børsnoterast, og han har sjølv ofte samanlikna dei to selskapa. Spotify minte han om dei ti første åra i Netflix, har McCarthy sagt.

No seier derimot Spotify-grunnleggjar Daniel Ek at dei to selskapa er totalt ulike. Spotify og Netflix er båe medieselskap som tener dei fleste pengane sine gjennom abonnement, men der stoggar likskapen, meiner Ek.

Han har gode grunnar for å seie det, for aksjekursen til Spotify rasa med 20 prosent da dei dårlege nyhenda frå Netflix kom. Investorane meiner tydelegvis at dei to selskapa faktisk er ganske like. Dei er til og med ganske jamstore i talet på kundar: Spotify har 182 millionar betalande brukarar, medan Netflix har 222 millionar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis