🎧 Då sjakk kom på TV
«Pling! Vi har eit trekk!» Bilete av Shelby Lyman frå det amerikanske sjakkforbundet.
Lytt til artikkelen:
Den dagen tradisjonell, lineær TV vert historie og ein skal gjera opp status, vil kapittelet om sjakk vera ganske stutt. Eit høgdepunkt, som er godt kjent over heile sjakkverda, er sjølvsagt suksesshistoria frå Noreg med Magnus Carlsen og NRK i brodden. Fagpersonar i TV-bransjen diskuterer kva som gjer at NRK kan samla halve folket til fem timar på 64 felt i svart og kvitt.
Men den fyrste store TV-suksessen kom i USA i 1972. Sidan VM-kampen i Reykjavik mellom amerikanaren Bobby Fischer og russaren Boris Spasskij vart spela i sumarferien, då det ikkje skjedde stort, valde TV-selskapet PBS, under tvil, å senda nokre timar frå fyrste parti med eit enkelt konsept: to demonstrasjonsbrett på ein vegg – eitt brett for den aktuelle stillinga og eitt brett for analyse. Ei dame kom inn i studio med ein lapp og eit pling når spelarane gjorde eit trekk i Reykjavik.
Ei hovudrolle vart spela av den ukjende sjakkmeisteren Shelby Lyman, ein amerikansk Torstein Bae, som stod for kommentarane. Han var ein sjarmerande krølltopp som kunne babla i veg og samstundes mista brikkene på golvet. Programmet vart ein suksess frå fyrste dag. Ein måtte finna ny sendetid til det populære barneprogrammet Sesame Street då sjakken vart utvida frå to til fem timar med sending frå 11. juli til 31. august. Aldri før hadde TV hatt så høg rating. Alle barane med TV-skjerm i New York sende sjakk.
Mr. Lyman fekk ikkje betalt for oppdraget, men vart ein kultfigur. I ein restaurant i New York etter VM-kampen kom ein mann bort: «Shelby Lyman? Eg er så glad for å møta deg.» «Kjenner eg deg?», svarte Mr. Lyman. Han kjende ikkje att skodespelaren Dustin Hoffman. Fram til han døydde 13. august i år, redigerte Shelby Lyman ei sjakkspalte som på det meste vart trykt i 82 ulike aviser.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Kjelde: Nekrolog over Shelby Lyman i The New York Times,
20. august 2019.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.