Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Å tala med og mot

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20170529
2360
20170529

Den norrøne kulturen vert gjerne framstilt som i overkant brutal, med eit renn av drap og valdtekter og morske heltar som støtt ordlegg seg barskt og bitande. Barske replikkar finst det mange av i litteraturen frå den tida, men dei er berre ein flik av eit stort bilete. Dei norrøne føregjengarane våre verdsette mangslags språkbruk, frå innfløkte ordkunstar til fredeleg samrøde.

Sigurd Fåvnesbane vert ingen dugande helt gjennom våpenbruk åleine: Han må òg læra seg å handtera meir eller mindre pålitelege samtalepartnarar. Fosterfaren Regin eggjar Sigurd til å drepa ormen Fåvne, og då Fåvne har fått banesåret sitt, byrjar Sigurd og den døyande ormen å tala saman. Fåvne opnar med å spørja kven banemannen hans er. Sigurd vel å løyna namnet sitt, og Fåvne svarar med ein spitig kommentar. Då vert Sigurd vippa av pinnen, og så plumpar han ut med både namnet, ættetavla og bragdene sine. Fåvne spør så kven som eggja Sigurd til å ta livet hans. Sigurd nektar for at det finst nokon bakmann, og Fåvne kjem med ein ny spitig kommentar. Men denne gongen bit ikkje Sigurd på. Han har lært av mistaket sitt og røper ingenting. Gjennom ei rekkje slike samtalar tileignar han seg kunnskap og sosiale normer og vert ein retteleg mellomalderhelt, altså ein som sameinar fortitudo et sapientia, mot og visdom.

Nokre edda-samtalar er reine spørjetevlingar der deltakarane prøver kunnskapen til kvarandre. Verst er det å kappast med Odin. Han veit ikkje alt, men han vinn alltid, gjerne med tvilsame metodar. I Vavtrudnesmål vitjar Odin den ovkloke jotunen Vavtrudne, og som vanleg løyner han kven han er: Han seier at han heiter Gagnråd. Då Vavtrudne har fått stadfest at gjesten er kunnig og dimed ein verdig motstandar, byrjar tevlinga, med livet som innsats. No er det Gagnråd som stiller spørsmåla. Han spør både om hendingar i fortida (kven var den fyrste skapningen?), notida (kvar kjem vinden frå?) og framtida (korleis døyr Odin i Ragnarok?). Til sist stiller han eit spørsmål som berre Odin veit svaret på, og jotunen skjønar at Gagnråd er Odin sjølv, og at slaget er tapt. Korkje Vavtrudne eller lesaren får vita svaret på det siste spørsmålet. Odin kastar maska samstundes som han løyner private opplysningar – ikkje heilt ulikt strofe 163 i Håvamål.

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun
om eddadikt.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn

Talknusaren og den store avsporinga

For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.

Per Anders Todal

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis