«Alle sjakkspelarar er kunstnarar»
Carlsen og Nakamura skal kjempa om den uoffisielle verdsmeistertittelen i kunstsjakk på Høvikodden 9.–13. februar, med sending på NRK.
Foto: frchess.com
«… men ikkje alle kunstnarar er sjakkspelarar», sa konseptkunstnaren Marcel Duchamp, som spela på det franske OL-laget i sjakk og rangerte sjakken over (anti)kunsten av di sjakken er fri frå materien. Alt skjer i hovudet på spelarane.
Når ein skal skriva djupt om brettspelet sjakk, byrjar ein gjerne med setninga: «Sjakk er både vitskap, sport og kunst». Vitskapen kom etter den andre verdskrigen med den sovjetiske sjakkskulen og vart seinare styrkt av computeranalysar; sjakk som sport er den norske sjakkskulen med stormeister Simen Agdestein (åtte landskampar i fotball under Ingvar Stadheim) og den fysisk veltrente Magnus Carlsen. Ideen om sjakk som kunst har indisk-persiske røter og er like gamal som spelet sjølv, altså 1500 år gamal, men hadde ei glanstid under romantikken på 1800-talet.
I vår tid, der vitskapen dominerer, kan ein som eit eksperiment gå attende til romantikken og spela varianten Fischer Random, utvikla av verdsmeister Bobby Fischer som ein protest mot dei sovjetiske opningsanalysane. Plasseringa av offiserane i startstillinga vert avgjord ved loddtrekking før partiet, slik at spelarane ikkje kan førebu nokon opningsteori.
Ein laurdag føremiddag for eit år sidan ringde kunstnaren Dag Alveng meg. «Eg skal ha ei utstilling på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden. Eg har teke nokre sjakkbilete, men korleis kan eg skapa sjakkhistorie?» «Å plassera sjakk i museum er gjort før», sa eg, og tenkte mellom anna på performancekunstnaren Duchamp som spela sjakk mot ei naken Eve Babitz i Pasadena Art Museum i 1963. «Så om du vil skapa sjakkunst og skriva deg inn i sjakkhistoria, må du gjera noko anna.» Eg hugsa ei spalte eg skreiv i Dag og Tid i 2015, «Er vi klåre for Fischer?», og foreslo å plassera ein levande Magnus Carlsen i utstillinga.
Og slik vert det.
ATLE GRØNN
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.