Frå matfatet
Bondeøkonomien
Kva er ein ordentleg god bonde?
Her er ein bonde. Han driv med egg. Men maksimerer han profitten sin, eller tillèt han seg for mykje velferd? Sei, det fortel biletet ingenting om.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Den 3. februar
vart det landa ei semje i Stortinget. Semja er kring det såkalla talgrunnlaget
– altså kva tal ein skal legge til grunn når ein reknar ut kor mykje pengar ein
bonde bør tene. Ein viktig del av dette talgrunnlaget – og årsaka til at eg må
byrje denne teksten med eit skikkeleg dumt spørsmål – er konseptet
normeringsfaktor. Normeringsfaktoren som no er vedteken og ville verte liggande
i mange år framover, er på 20 prosent. Kva tyder det?
Sidan bønder
er sjølvstendig næringsdrivande, har staten lite eller ingenting å gjere med
kva kvar enkelt bonde tener. I jordbruksforhandlingar vert det forhandla om inntektspotensial – altså kva høve kvar bonde har til å tene kor mykje pengar dersom ho eller han
gjer jobben sin godt. Med andre ord: dersom dei er ordentleg gode bønder.
Dersom du
disponerer tid og krefter og innsatsfaktorar riktig og i tillegg er heldig med
vêr og vind og dyrehelse og menneskehelse og alt, kan du tene ei viss mengd pengar på drifta di – om du til dømes driv med sau eller dyrkar gulrot.
Men staten
trur ikkje alle bønder gjer det. I den offentlege utgreiinga frå Grytten-utvalet, NOU 2022: 14 Inntektsmåling i jordbruket, står det noko som
er skremmande førande for norsk jordbrukspolitikk for tida: «Utvalget legger til grunn at en del jordbrukshusholdninger
maksimerer velferd fremfor maksimalt økonomisk overskudd som motiv for driften.»
Luftpengar
Dette er
årsaka til at for kvar hundrelapp ein bonde tener – på papiret – vert det lagt
til ein tjuekroning. Den tjuekroningen eksisterer ikkje på kontoen til nokon bonde, det er pengar staten, styresmaktene, politikarane, landbruksbyråkratane
og dei andre som ikkje er bønder, trur og meiner bonden kunne tent dersom ho
eller han hadde prioritert maksimalt økonomisk overskot framfor velferd i
drifta si.
Tygg litt på
den. Og så skal vi spørje oss sjølv kva det eigentleg er bønder gjer når dei ifylgje staten maksimerer velferd framfor profitt.
For det er
ikkje å legge seg på sofaen og drikke øl midt på formiddagen.
«... en del jordbrukshusholdninger maksimerer velferd fremfor maksimalt økonomisk overskudd som motiv for driften.»
Grytten-utvalet
Nei, det er
meir tiltak som å ha ein hyggesau: Om bonden vel å bevare ei gamal søye som
ikkje tek lam lenger, fordi ho er favorittsauen til odelsjenta på seks år,
prioriterer han velferd framfor profitt. At denne sauen kanskje også er godt
kjend i beiteområda, er vanskeleg å bevise i talgrunnlaget.
Finst det andre verdiar?
Om bonden skulle
gjere noko så hårreisande som å drive med ein annan sauerase enn den som er mest
høgtproduserande, slår det endå verre ut på overskotsmaksimeringa. At til dømes
gamalnorsk sau har høve til å nytte fôrressursar den store kvite sauen ikkje
skjønar at han skal ete, eller at det å ta vare på genetisk mangfald kan vere ein
stor fordel i framtida, får lite eller ingenting å seie så lenge stor sau
produserer 50 til 100 prosent meir lammelår og pinnekjøt per sau i
saueteljinga. Å velje å beite kratt og lyng framfor å fôre med kraftfôr går same
vegen – sjølv om beitinga opnar opp turstiar som gjev glede til
lokalbefolkninga og inntekter til turistnæringa.
Val som å
prioritere fotballkampane til borna framfor å gå ein ekstra runde for å sjekke
brunst i fjøset, å bruke ekstra lang tid på fjøsstellet fordi bonden har
influensa og eigentleg burde ligge i senga, å reise på ferie med heile familien
for fyrste gong på ti år i staden for å bruke dei same pengane på kalk eller
kunstgjødsel, er alle døme på velferdsmaksimering i dette absurde systemet.
Og som om dette
ikkje var nok: Normeringsfaktoren er ikkje eingong det fyrste eller eigentlege
effektivitetskravet jordbrukssektoren møter på. Kvart einaste år ligg det
nemleg eit nedskrive arbeidstidsforbruk til grunn for kvar moglege inntektsvekst i jordbruksavtalen. I klartekst: Allerie her må bønder kvart år
jobbe hardare, raskare, med dyrare og meir effektive maskiner, presse meir ut
av kvart dyr og kvar kvadratmeter jord for å kunne oppnå den inntektsveksten
dei «vinn» eller «får» idet ein jordbruksavtale vert vedteken i Stortinget.
Sidan
1970-talet er areal per jordbruksverksemd i Noreg firedobla og produksjonsvolumet
seksdobla, samstundes som arbeidsforbruket er redusert med nesten 20 prosent. Det
er allereie altfor mykje. Det er nok no. Normeringsfaktoren er rett og slett
noko av det tristaste som har skjedd norsk matproduksjon.