Då Adam tapte
Eit bilete teke nokre månader etter at Adam tapte i Oslo.
Det er så mykje ein ikkje kan vita om sjakkborna. For ti år sidan, då son min var med på barnesjakken i Oslo Schakselskap, såg eg kvar måndag utover eit lokale fullt av ihuga gutar og jenter. Det var mest gutar, men i barnesjakken er det lukkelegvis fleire jenter enn det er kvinner i vaksen-sjakken.
Adam hadde ikkje mykje til felles med dei andre. Han var litt eldre enn dei andre borna, 13 år gamal. Han gjekk på Marienlyst skole. Kroppen var lubben og uformeleg. Han sa ikkje stort. Eg hugsar berre to ord. «Adam» og «tapte». Når borna spela turnering, noterte vi vaksne resultatet i ein tabell. «Korleis gjekk det, Adam?» «Tapte.» Dei andre borna var for sterke. Eg heldt eit augo med Adam då eg lurte på om borna ville akseptera han sosialt. Men sjakken er ein inkluderande plass, og ingen reagerte på at den litt store, eldre guten tapte alle partia utan å seia eit ord.
Eg trur ikkje eg skjøna at Adam ikkje var norsk. Eit halv år seinare vart eg sett ut av kor lett det hadde vore å lura oss vaksne (og dei andre borna). «Adam» var ei tsjekkisk kvinne på 33 år som hadde rømt frå heimlandet og budde under falsk identitet på ein barneheim i Oslo. Norske aviser skreiv om den bisarre saka som enda med at Barbora Skrlova (33) fekk fem års fengsel for mishandling og tortur i sekta The Grail Movement. Fleire andre slektningar og sektmedlemer fekk endå lengre straffer i den unike saka.
«Adam» var altså ikkje Adam, men Barbora, ei kriminell eller psykisk sjuk kvinne. I sjakklubben kleidde vi oss i hovudet. Vi vaksne sjakkforeldre sa ikkje noko til sjakkborna, og vi kommenterte nesten ikkje saka. Alt var berre pinleg og motbydeleg. Men no har det gått ti år, og dei fleste sjakkborna og sjakkforeldra frå den tida er ute av sjakken. Og Adam/Barbora er vel òg ute av fengsel.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?