Den tyske intelligentsiaen
Magnus Carlsen måtte sjølv sjå kva den tyske trettenåringen var god for.
Foto: Georgios Souleidis / Chessbase.com
Før den andre verdskrigen var Tyskland den leiande sjakknasjonen. Den tysk-jødiske verdsmeisteren Emanuel Lasker heldt VM-trona i 27 år. Klaus Junge, det største talentet deira etter Lasker, døydde 21 år gamal i uniform då han nekta å overgi seg til russarane den 17. april 1945.
Men tysk var kor som er sjakkspråket i lang tid. Dei fyrste sjakkbøkene eg las, var gjevne ut av Sportverlag DDR: «Weiß steht besser, kann aber keine Fortschritte machen.» Ja, ja, då eg i tenåra las Spillet i mitt liv av André Bjerke, fann eg lange sitat på tysk der òg. Bjerke gadd ikkje setja dei om til norsk då alle sjakkspelarar kunne tysk. Framleis nyttar ein uttrykk som Blitz (lynsjakk), Zwischenzug (mellomtrekk), Zugzwang (trekktvang), og sjølvsagt Prügelknabe. For ikkje å tala om dei opphaveleg tyske sjakkorda springar, laupar, bonde, bukk og så bortetter.
Framtida til sjakken ligg i den tyske intelligentsiaen. Det er han som kjøper sjakkbøker, tek sjakkleksjonar og spelar amatørturneringar. Men han treng eit lokomotiv. Etter krigen var den mediesky dr. Robert Hübner den einaste vesttyskaren i verdseliten. Men i VM-kvalifiseringa i 1983 gjekk det gale då han inviterte ei vakker kvinne og ein blind mann opp på scena. Mannen skulle gje han hovudmassasje, medan kvinna berre var med. Motstandaren til Hübner, eksverdsmeister Vasilij Smyslov, tykte ikkje dette var nokon god idé, og det vart litt bråk. Men elles var den homofile papyrologen og polyglotten Hübner ein flott representant for den tyske intelligentsiaen.
No kjem endeleg Vincent Keymer (13), son av to musikarar og sjølv god på piano. Han vann nyleg Grenke Chess Open med 8 av 9 poeng føre 49 vaksne stormeistrar og 1400 amatørar. Resultatet er det beste nokon gong av ein trettenåring. Kasparov oppdaga tidleg den tyske guten, men til skilnad frå profesjonelle indiske og kinesiske konkurrentar må born av den tyske intelligentsiaen gå på skulen. Difor kjem ikkje gjennombrotet før no.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.