Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Det ringjer på døra

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3134
20250117
3134
20250117

Tomas ringjer på, tek eit par skritt tilbake og blir ståande og vente i trappa. Ikkje for nær, men ikkje unaturleg langt unna heller. Det er god plass om Sveinung skulle komme busande ut. Men ingenting skjer. Han kjenner på døra, ho er låst.

Det er ikkje sikkert ringjeklokka verkar. Tomas bankar hardt med knytt neve, tre harde slag, så legg han andletet inntil eit av dei tre små vindauga og kikkar inn, det er vanskeleg å sjå noko. Kan hende sit Sveinung føre fjernsynet og fylgjer med på eit skirenn med lyden så høgt på at han ikkje legg merke til ringjeklokka.

– Hallo, er det nokon heime, ropar han.

Ingen svar.

Tomas går rundt på baksida. Han ser at lyset står på i stova. Det er nøydd til å vere folk heime. Berre det ikkje har hendt noko. Tenk om Sveinung ligg rett ut på golvet og ikkje klarer å røre seg. Tomas byrjar å fable om allslags senario og skundar seg tilbake til bilen.

Sveinung står i berre underbuksa føre spegelen på badet og steller seg. Han ventar ikkje folk. Når ringjeklokka byrjar å dure, står han med barberhøvelen i handa og har akkurat smurt inn haka og kinna med skum.

– I all verda, seier han høgt til seg sjølv.

Sveinung hugsar at onkel Olav ein gong kom springande ut i berr overkropp då han ringde på, med tannkosten i munnen, det var umogleg å forstå kva han sa. Den karen gjer så mykje dumt, ikkje luktar han noko særleg godt heller, og kvar gong det byr seg ei anledning, kjem dei same vitsane folk har høyrt hundre gonger før. Heldigvis kan ikkje alle vere onkel Olav. Sveinung spring i alle fall ikkje ut halvnaken med barberskum i andletet. Dei får berre vente.

Han har ein mistanke om kven det kan vere. For å komme opp til vindauget flyttar Sveinung krakken bort til veggen og står på den. Han dreg gardinet litt til sida og gløttar forsiktig ut. I tunet står den grå Mazdaen til Tomas, sjølvsagt er det han.

Det ringjer på døra igjen. Tomas trur at berre fordi han har fri, så gjeld det alle andre òg. Som regel er det ingen ting han vil, aldri nokon viktige beskjedar han skal gje. Kjem berre inn og set seg til. Sveinung har ikkje tid til det no, då går heile føremiddagen, og han får ikkje gjort noko av det han har tenkt å gjere.

Tomas får stå der og ringje på til han blir lei, tenkjer Sveinung og set seg på krakken og ventar. Men så byrjar han å tenkje på om Tomas kanskje rett og slett har teke turen for å levere tilbake den store gryta han lånte i september til å koke hummar i. Det er ikkje det einaste han saknar, men det hadde vore ein god start å få tilbake éin ting. Sveinung listar seg opp på soverommet i andre etasje for å spionere. Frå vindauget ser han verken Tomas eller noka gryte, men bilen står utanfor enno.

I det han står i toppen av trappa og skal til å gå ned att, høyrer han ein høg lyd av noko som knekk.

Tomas har eit spett liggjande i bilen. Det er berre så flisene flyg når karmen gjev etter. Døra svingar opp og smell i ytterveggen.

– Sveinung er du der, ropar han.

Sveinung dukkar opp i gangen, noko av barberskummet har hamna ned på brystkassa og underbuksa.

– Kva i helvete er det du held på med, spør han.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis