JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Det ultimate spelet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit parti frå Leningrad i 1924.

Eit parti frå Leningrad i 1924.

Eit parti frå Leningrad i 1924.

Eit parti frå Leningrad i 1924.

2337
20210813
2337
20210813

I kunsten er sjakkpartiet mellom kvit og svart ein metafor for kampen mellom det gode og det vonde, livet og døden.

Det finst ein variant av dette spelet som er dyrka i både krim og annan litteratur. To av dei største forfattarane i det 20. hundreåret, sveitsaren Friedrich Dürrenmatt (1921–1990) og amerikanaren Kurt Vonnegut (1922–2007) har nytta dette trikset, det ultimate sjakkplottet. Kva trur du står på spel? Eit sjakkparti med levande brikker, der døden ventar dei utslegne brikkene.

Dei to spelarane får her ei guddommeleg eller djevelsk rolle med ansvar for liv og død på 64 felt. I novella «Der Schachspieler», funnen etter Dürrenmatts død, spelar ein domar og ein statsadvokat eit langsamt sjakkparti over fleire tiår der dei ofrar sine næraste. Om kvit til dømes slår ut denne svarte dronninga, må svartspelaren i det verkelege livet drepa kona si. Ingen av brikkene har mistanke om det makabre spelet dei er ein del av, men det mest bisarre er at spelet går i arv til neste generasjon når ein ung statsadvokat i staden for å arrestera den gamle, perverse domaren byrjar eit nytt parti.

Eg les novella som ein kritikk av korleis dei mektige i samfunnet styrer livet til uskuldige og uvetande offer.

Novella til Vonnegut, «All the King’s Horses», vart publisert alt i februar 1951, året før han offisielt debuterte som forfattar. Den amerikanske obersten Bryan Kelly, med kone, to søner, to flygarar og ti soldatar, havarerer på veg til India, og dei vert tekne til fange av ei kommunistisk geriljagruppe. Den kinesiske geriljaleiaren Pi Ying vil gje amerikanarane livet i gåve om obersten slår han i sjakk. Dei 16 amerikanarane må vera dei kvite brikkene på eit «sjakkgolv». Obersten er sjølv kongen. I dette asymmetriske spelet risikerer ikkje svart noko som helst.

Det dramatisk-psykologiske høgdepunktet kjem når kongen skjønar at han må ofra ein springar, sin eigen son, for å setja svart matt. Den kvite dronninga, mor til guten, vert hysterisk, naturleg nok. Partiet får ein merkeleg og lukkeleg slutt når det viser seg at kinesarane er styrte av russaren Barzov, som tek over føringa av dei svarte brikkene og lèt guten leva.

Novella til Vonnegut er ein kritikk av den kalde krigen, der vanlege amerikanarar vart brikker i eit kynisk spel.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis