JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

«Det er noko 'avsluttande' over desse utgjevingane til Kjartan Fløgstad.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Morten Holm / NTB

Foto: Morten Holm / NTB

2416
20240809
2416
20240809

Kjartan Fløgstad er fødd 7. juni 1944 (dagen etter D-dagen) i Sauda, ei industribygd på Vestlandet der faren var arbeidsleiar og mora butikkdame. Han debuterte som poet i 1969 med samlinga Valfart og har sidan gjeve ut over 50 titlar, der romanar og essay dominerer.

I 2024 samlar han fleire års prosa i Skriftarbeid – og lyrikk i Dansen med orda. Songar. Uvisst å seie, men det er noko «avsluttande» over desse utgjevingane til ein som, nettopp fylt 80, alltid har sidestilt skrift og politikk. Han rundar av prosaen med å seie: «Den som snakkar for lenge, kjem alltid til kort.»

Fløgstad reiste til sjøs i ungdomen, med Sør-Amerika i fokus. Han skriv tidleg om «Kopargruvene i Chuquicamata» og omset Pablo Neruda og dikt frå Cuba. Einskilddikt dukkar opp i fleire romanar. I føreordet til Dansen med orda heiter det: «heile forfattarskapen min har tre bein å stå på. Det er fortellande prosa, utgitt som romanar, det er essay, og songdiktning. Gjennom samarbeid med musikarar og komponistar har det tredje beinet i denne tripoden blitt stadig stødigare». Ei større oversikt finst i kapittelet «Diskografi».

Dagens tekst er frå avdelinga «Spreidde dikt» og viser gleda ved å rime: «Eg tar til med eit rimpar eller to, og ser kva slags setningar som kan knytta desse rimorda saman.» «Skår i gleda» er ein song om svevnløyse – og kanskje eit kjærleiksdikt: «ordet/ Du har krota ut med kniv/ Der står namnet du har skore». Altså namnet til den elska. Slike blyge dikt er det få av hos Fløgstad.

Men elles er det dikt om Vladivostok og Boris Gleb, akevitt i Akerselva og Lisa Kristoffersens plass – mangslungne tekstar frå nært og fjernt, fleire hundre til saman.

Jan Erik Vold

Skår i gleda

Svevnen er så lett til sinns
Suteslaus når dag blir kveld
Svevnen er ein vakker prins
Viser veg når mørkeret fell
Telja netter ikkje dagar
Der dei høge trea ragar

Svevnen står ved bratte stup
Svevnen kjem frå store djup
Svevnløyse er steintung bør
Songen blir det siste strået
For at svevnen stille flør
Og bryt over skjer og båe

Gå seg fast i djupe skar
Syna staden der du var
Du må visa kor du står
Finna ein å falla for
Skjera ut i bork og never
For å visa at du lever

Draumen om det gode liv
Svevnen lukkar seg om ordet
Du har krota ut med kniv
Der står namnet du har skore
Mørkeret rundt dei store trea
Kjenner ikkje skår i gleda

Kjartan Fløgstad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis