Diktet: Fremmede haver
Foto: Oda Berby / Aschehoug
Denne sommaren har stått i dritungens teikn, ifølgje populærkulturen. Det surt eplegrøne coveret på albumet brat av Charli XCX har fargelagt internett og dansegolv i så stor grad at sjølv vi som er fans, begynner å bli flaue. Tekstene på albumet er drøftande og skarpe, dei eksponerer artistens store og smålege bekymringar, og kanskje er det derifrå tittelen «dritunge» kjem.
Når eg plukkar av smussomslaget på Mira Hussains debutbok, Hjertet er ei rabiat bikkje, som kom i mars i år, finn eg same brat-grøne fargen. Og stemma i desse dikta har absolutt noko trassig ved seg, noko kvardagsleg og kvardagsspråkleg. Men like sterkt til stades er store tema om tilhøyrsle, familie og identitet – og eit meir dramatisk og høgpoetisk språk. Det skapar eit fascinerande spenn i fleire av dikta.
Forholdet til mora og til Gud er sentralt i boka, slik vi ser i diktet «Fremmede haver». Tankar rundt synd og dommedag blir drøfta ofte. I dette diktet svarar rett nok «jeg» nokså nonchalant på mora sin trugsel om «dommens dag»; ho et fleire eple. Eller «jeg tar dem til munnen» – ei litt gamaldags formulering som framhevar rørsla og provokasjonen.
Denne måten å flette det høgtidelege språket inn i det ungdommelege livet på gjer meg begeistra. «jeg velter ved hennes føtter og hennes slør/ slik skyene velter»! Stemma har noko dramatisk over seg. Men poeten utbroderer ikkje for mykje, er også korthogd og konkret: mora i dørsprekken, både knipen og kravstor. Den språklege vekslinga til Hussain speglar det emosjonelle spennet i dikta på stødig vis.
Anna Kleiva
Fremmede haver
mor er et skall av en kvinne
som venter på at hennes trær skal bære verdige frukter
jeg ble et fikentre det begynte å falle epler fra
jeg tror Gud frykter sin skapelse
slik min mor frykter meg
det er dommens dag, sier mor
jeg plukker epler i fremmede haver
jeg tar dem til munnen
jeg velter ved hennes føtter og hennes slør
slik skyene velter hengivent over himmelen
hun skyter meg blikk ut av sprekken på en dør
hennes fravær spiser meg levende
hun forblir sulten
Mira Hussain
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.