Jan Erik Vold takkar for seg
Jan Erik Vold
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
«For å skjøna poesi må du anten vera klok eller barnleg, helst begge delar som Jan Erik Vold. Han er vår litteraturs Espen Oskeladd», skreiv Erling Lægreid i Dag og Tid då han hylla Vold på 70-årsdagen hans 18. oktober 2009.
Seinare den hausten fekk vi Vold til å gå saman med litteraturprofessor Asbjørn Aarnes om ei fast diktspalte i Dag og Tid.
Aarnes opna med Tor Jonson «Så stig da i meg, einsemd». Vold fylgde opp veka etter med «De dragser og drar» av Inger Hagerup. Sidan har Vold skrive i spalta. Annakvar veke fram til 2017, deretter kvar tredje. 291 dikt og spalter til saman!
At det var dei to som skulle gå saman om diktspalta, var ikkje sjølvsagt. Året før hadde dei hatt ein krass debatt i Dag og Tid om Olav H. Hauge og kva slag verdiar som skal vektleggjast i diktinga. Men i diktspalta fann dei saman. Aarnes var estetikaren som leitte etter det store og opphøgde diktet. Vold kvardagsmodernisten som såg på heile verket til ein diktar.
Men no er det slutt med Vold i spalta, diverre. Det har vore ei glede å opna e-posten med dei same opningsorda kvar gong: «Kjære venner! Her kommer mitt bidrag til Diktet-spalten.» Kva dikt har han funne fram no? Eit ukjent dikt eller ein diktar som fortener å lyftast fram? Det har vore mange av dei.
– Takk for innsatsen Jan Erik, Dag og Tid-lesarane har vore privilegerte. Kva er det som har motivert deg?
– Dikt og samtalen rundt eit dikt. Vi har for lite av slikt. Ingen kunne ana at spalta skulle gå år etter år. For mine medskribentar Asbjørn Aarnes, Lars Roar Langslet og Vigdis Ystad vart det deira siste skriftbidrag. Eg vonar eg får tid til å skrive litt eige.
– Om du skal trekkja fram eitt dikt du har skrive om, kva for dikt vil det vera?
– Då vel eg meg Uppdal og diktet «Tvi-gangaren», som stod på trykk i Dag og Tid 17. juni 2016. I diktet er det tale om ein sjeleleg dobbelgjengar. Den slags førestillingar har vi lite av i norsk poesi.
Kven skal ta over etter Jan Erik Vold? Vent og sjå.
Svein Gjerdåker
Frå spalta i 2016:
Uppdal (1878–1961) skreiv «Tvi-gangaren» medan han var innlagd som pasient på Gaustad sjukehus 1927–29.
Lesen i dag framstår denne figuren som ein «føregangar» til den monumentale «Kulten», som Uppdal samlar seg om i 1930-åra. «Heimlaus-Guden er eg», seier diktaren – og er framleis mellom menneska.
Uppdal, Hauge, Hofmo – tre av dei sterkaste poetane vi har, som tidvis levde i ein splitta eksistens.
Jan Erik Vold
Då kjenne eg det so:
Eg er meg sjølv.
Og lel er eg det ikkj.
Eg hi ein attåt meg i meg.
Han er meg framand.
Eg kan nemn han Han.
Eg starar all tida åt om.
Og kan aller få te kjenn han.
Eg talar aller med om.
Og namna han Han.
Han namne seg Eg.
I sjela te meg!
Han hi sett seg der.
Midt i det eg namne eg
åt meg sjølv.
All tida er han der.
Og han narre meg.
Og eg trur det må vara meg sjølv.
Det deret åt han!
Kven han er?
Kva han er?
Svar åt deg fær du fyrst
i døra.
På tur ut frå deg sjølv!
Ja fær svar åt alt då!
Vi skjel lag.
I krossen fyri nåa.
Tvi-gangaren te meg og eg!
Eg stryk te ei onnor ætt.
I Guda-heima te oss!
Han blir att.
I gamal-heima te oss!
Og han ska lava der.
Og vara meg.
Då eg ikkj er der meir!
Kristofer Uppdal
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.