«Viss eg seier 'dette partiet er så fint' om ei songtekst, handlar det oftast om korleis tekst og musikk saman skapar eit slags høgdepunkt.»
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Å skrive om songlyrikk er kinkig. Måten teksta treffer på, har alltid også å gjere med melodien som høyrer til, med stemma og framføringa av songen. Viss eg seier «dette partiet er så fint» om ei songtekst, handlar det oftast om korleis tekst og musikk saman skapar eit slags høgdepunkt: kanskje ein kontrast, kanskje ein intensitet.
I sporet «Slutte og byne», frå Valkyrien Allstars-albumet med same namn, er det likevel teksta som er i hovudfokus, og som skapar låta. «Slutte og byne» er pratete, ei på same tid lett og alvorleg tekst, fandenivaldsk og sår. Alt det eget er, vil det slutte med, for eksempel «slutte å prate». Noko av det som gjer teksta god, er at ho blandar påbod som er såkalla fornuftige («slutte å røyke […] byne å samle på penger») med sjølvutslettande impulsar («slutte å synge […] slutte å puste»).
Tekstforfattaren Tuva Syvertsen arbeider ikkje med lyrisk konsentrasjon her, men med overflod, repetisjon, lydlikskap og humor. Ordleiken og bruken av referansar og humoristiske rim – «Tony Soprano, holde det rent, holde det Lano» – verkar inspirert av rapsjangeren, den mest poetiske delen av samtidsmusikken.
Alt vi skal slutte med, alt som skal bli betre i morgon! «Slutte og byne» føyer seg inn i ein lang tradisjon. «Blanke ark og farjestifter», skreiv Prøysen. «Eg har stor tru på nymånen/ Men det er vel den gamle», skreiv Hauge.
Hos Syvertsen er tonen meir direkte. Det er kanskje også derfor teksta treffer: Ho blottstiller både håpet, sjølvkritikken og forsvarsmekanismane våre.
Anna Kleiva
Slutte og byne
(…)
Jeg skal slutte å spille, slutte å synge, slutte å drikke, slutte å lyve
Slutte å prate, slutte å mingle, slutte å henge med klegger og igler
Skal slutte å leve, slutte å puste, slutte å bevege meg, ikke gå ut mer
Skal slutte å smile, slutte å vinke, jeg bli’kke å finne i Utler sitt bilde
Skal slutte å røyke, slutte å le, uansett hva du sier har jeg slutta med det
Jeg skal slutte å gråte så mye, slutte å få på så mye, slutte å gå ut på byen
Slutte å gå så på trynet, skal slutte å vise meg
Jeg skal slutte å skvise meg inn i selskap som seriøst ikke er keen på meg
Jeg skal byne å ta det piano, byne å lage noe bra no’
Byne å holde det ekte, Tony Soprano, holde det rent, holde det Lano
Skal slutte å byne å lure, hver gang de ringer, om de er sure
Byne å bane meg vei, og hvis du stopper meg, byne å gi faen i deg
Byne med fred, byne med ro, melde meg på, byne med no’
Byne å bry meg om stilen, byne å sove, gå for å ikke bli sliten
Byne å prate med kjentfolk, som om alt inne her ikke er sprengt opp
Byne å bane meg vei, og om du hater meg, byne å gi faen i deg
Skal byne, byne å samle på penger, skal spare til jeg ikke mangler noe lenger
(…)
Tuva Syvertsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.