Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ein haug med idiotar

Eg er nøydd til å vite om lag kor mange idiotar me blir, for å berekne nok pizza.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3054
20240112
3054
20240112

Eg vil ikkje at folk skal tenkje at der kjem det ein idiot. Så no har eg bestemt meg, snart er det slutt på å gjere idiotiske ting.

Når eg vaknar måndag, byrjar eit nytt liv. Men laurdag skal eg ta han heilt ut ein siste gong. Utan å ha nokon veldig plan eller eit opplegg har eg invitert ein haug med andre idiotar heim til meg, eg vil samle gjengen ein siste gong og ete pizza og gjere idiotiske ting saman med dei. Etterpå er det slutt for alltid.

For å sleppe å stå der med for lite mat har folk fått frist til fredag med å gje beskjed om dei kjem. Ein gong var eg i eit bryllaup der dei hadde kaldtbord med kinamat, då eg skulle forsyne meg andre gongen, var det mest ingenting att, berre nokre tørre vårrullar. Slikt burde vore straffbart.

Eg er nøydd til å vite om lag kor mange idiotar me blir, for å berekne nok pizza. Det er mange som ikkje har svart enno, men slik er det alltid, det er mykje anna som skjer, og folk er treige. Det er enno nokre dagar til fristen går ut. Heldigvis har ein av dei største idiotane som går i to sko, sagt at han kjem, så kvelden er på mange måtar redda.

Eg har lova kona å prøve å ikkje gjere for mykje ut av det. Samstundes er det ikkje godt å vite kva som kan skje i godt lag, kanskje utartar det, og då er det utanfor min kontroll.

Det er vanskeleg å peike på éi spesiell hending, eg har ikkje ei kjensle av at Gud har gripe inn heller, men noko har kome over meg, som gjer at frå og med måndag endrar alt seg.

Folk får berre snakke seg imellom, og sidan eg har vore idiot i lang tid, vil det nok henge ved meg ei stund. Eg er førebudd på litt av kvart, og for mange vil eg nok alltid vere ein idiot, men slikt kan eg ikkje bry meg om.

Om vêret held seg og det ikkje vert altfor kaldt og for mykje snø, har eg tenkt å rigge til i hagen, der er det god plass til å springe rundt som ein idiot. Meldingane ser lovande ut, men eg har ein avtale med bror min om å låne eit partytelt som ein plan b. Han skulle leggje det klart i garasjen og la porten vere ulåst.

Målet mitt er å nyte kvelden og ikkje la avgjerda mi setje ein dempar på stemninga, men på eit eller anna tidspunkt må eg fortelje det til dei. Eg gruar meg litt og er spent på korleis folk reagerer. Mest sannsynleg kjem eg til å dryge det lengst mogleg, heilt til rett før me skal gå kvar til vårt.

Eg håpar berre eg klarar vere tydelig slik at dei forstår at det er alvor. I framtida vil eg ikkje lenger vere interessert i desse idiotiske tinga.

Det blir ein overgang, og me kjem til å ha mindre med kvarandre å gjere, men som med alt anna blir vel det òg ein vane. Det er jammen på høg tid, eg har tenkt lenge på å forandre kurs i livet, men så har det aldri blitt. Heile tida dukkar det opp grunnar til å utsetje det litt til. I alle fall er eg overtydd om at det er ein fordel å ha prøvd seg som idiot nokre år.

Frank Tønnesen

Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis