Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ein sjuk sjakk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partidomaren gjev sigeren til Inarkiev.

Partidomaren gjev sigeren til Inarkiev.

Partidomaren gjev sigeren til Inarkiev.

Partidomaren gjev sigeren til Inarkiev.

1989
20180112
1989
20180112

Den russiske sjakkspelaren Vladimir Lepjosjkin var på mitt nivå og ikkje noko å skriva i avisa om. Då var det annleis med estlendaren Paul Keres, ofte rekna som den beste spelaren som aldri vart verdsmeister. Ein gong møttest dei to i sovjetmeisterskapen.

Ein hovudristande tilskodar sprang ut av lokalet: «No har eg sett det òg! Lepjoskin sette Keres i sjakk!» Eg reknar med at Keres vann partiet – ein døyr jo ikkje av ein sjakk – men historia høyrer heime i den klassiske sovjetiske sjakkfolkloren. I romjola fekk ho avløysing då stormeister Emil Sutovskij kom opp med ein ny parafrase:

«No har eg sett det òg! Inarkiev sette Carlsen i sjakk!» Det var den mest absurde sjakkscena som er vist på norsk TV. I fyrste runde av verdsmeisterskapen i lynsjakk gjekk favoritten Magnus Carlsen mot ein klår siger mot russaren Ernesto Inarkiev. Carlsen sette motstandaren i sjakk, men Inarkiev svara ikkje med å flytta kongen. I staden sette han Carlsen i sjakk med springaren. Det var eit ulovleg trekk frå russaren, men verdsmeisteren vart så perpleks at han automatisk flytta kongen sin ut av sjakken.

Det var då Inarkiev noko overraskande kravde siger. Domaren måpte. «Kan de ikkje vera vener og ta remis?», foreslo han. «Nei, Carlsen har tapt av di han ikkje påpeikte at eg spela eit ulovleg trekk», sa Inarkiev. «Ja vel, då seier vi det», sa domaren. Verdsmeisteren visste ikkje kva han skulle meina, men gav seinare klår melding til hovuddomaren om at partidomaren, som openbert ikkje kunne reglane, burde finna seg noko anna å gjera.

Det er uvanleg, men ikkje ulovleg ikkje å krevja siger på ulovleg trekk. Carlsen gjorde ikkje noko gale, og det skjøna etter kvart hovuddomaren, som gjorde om vedtaket til partidomaren. NRK-gjesten Kristopher Schau karakteriserte den ulovlege sjakken og konfliktane for open scene som det sjukaste han nokon gong hadde sett. «No har Schau sett det òg! Inarkiev sette Carlsen i sjakk»

ATLE GRØNN

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis