Eit godt minne
Garejev spelar blindsimultan i fischersjakk med jetlag.
Foto: Rolf Haug
Eg har vore i same rom som Kasparov, Carlsen og Noam Chomsky, men eg har òg eit godt minne frå nokre dagar med Timur Garejev. Han gjer ting med hjernen ingen av dei andre vil kunne gjera etter, jamvel om Kasparov og Chomsky er kjende for såkalla «fotografisk minne» (som vel er ein myte). Kasparov skal vera den mest intelligente sjakkspelaren sidan amerikanaren Pillsbury (1872–1906). På 1980-talet testa Der Spiegel minnet til den unge verdsmeisteren, men Kasparov nekta utføra oppgåvene som Pillsbury var kjend for, nemleg å hugsa vilkårlege kombinasjonar av tal og ord i hundretal. Kasparov meinte det kunne vera skadeleg for hjernen, og av den same grunnen gav han heller aldri blindsjakksimultanar. Det er her Garejev er den beste i verda.
Garejev vart fødd i ein russisk tatarfamilie i Usbekistan i 1988. Han bur no i USA, men ikkje på nokon fast plass. Han kom til Gardermoen frå Los Angeles i desember i fjor med det han trong for det neste halve året i ein bagg med store hol. Han hadde ein annan bagg med hol utanpå den fyrste baggen i eit genialt sjakkbrett-mønster der hola kompenserte kvarandre.
Ei amerikansk venninne av Garejev spurde om eg ville ta han imot i Oslo nokre dagar før han skulle vidare til Tyskland, Sibir, India og eit dusin andre plassar. Sidan han ikkje har mobiltelefon, møtte eg han på flyplassen. Han gjekk ut i den norske vinterkulda i t-skjorte, og vi drog rett til sjakklubben.
Det har aldri før vore så mange menneske i Oslo Schakselskap. NRK var på plass og vekte Garejev, som sov på ein sofa, for eit intervju. Like etter byrja seansen. Garejev var groggy av jetlag, og eg minte publikum om verdsrekorden hans frå 2016 då han mot kvalifisert motstand spela 48 parti simultant med bind for augo gjennom 19 timar, samstundes som han sykla over 80 mil på ein ergometersykkel.
I Oslo måtte vi finna på noko nytt. Det vart ein blindsjakksimultan med klokke og innslag av fischersjakk, altså parti frå kaotiske utgangsstillingar. Det gjorde vondt, men med det beste minnet sjakkverda har sett, kom han i mål.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?